Steve Nieve (fødd 19. februar 1958 som Stephen John Nason) er ein engelsk musikar og komponist. I ein karriere på over 40 år har Nieve vore medlem av Elvis Costello og The Attractions, The Imposters og Madness. Han har òg vore særs aktiv som studiomusikar og spelt med ei rekkje andre artistar.

Steve Nieve

Nieve på scenen i 2012
Fødd21. februar 1958 (66 år)
FødestadLondon
FødenamnStephen John Nason[1]
AliasSteve A'dore, Maurice Worm, Norman Brain
OpphavLondon i England
AktivSidan 1977
Sjanger
Instrument
  • Klaverinstrument
  • synthesizer
  • gitar
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Musikar
  • komponist

I 2003 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Elvis Costello and the Attractions.[2]

Blant andre artistar Nieve har spelt for finn ein The Neville Brothers, Hothouse Flowers, Graham Parker, Squeeze,[3] Tim Finn, Kirsty MacColl, Nick Heyward[4] og David Bowie).[5] I 1986 skipa Nieve si eiga gruppe, Perils of Plastic med den tidlegare Deaf School-songaren Steve Allen, og gav ut tre singlar i Storbritannia i 1986 og 1987.

Nieve har òg gjeve ut fleire soloalbum, og det første, Keyboard Jungle, kom ut i 1983.[6]

Kjelder

endre
  1. Strong, Martin C. (2003). The Great Indie Diskografi. Canongate. s. 36–8. ISBN 1-84195-335-0. 
  2. «Inductees by Year (2003)». Rock & Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen 12. oktober 2017. Henta 25. juli 2021. 
  3. «Squeeze – 'Spot The Difference' Tour». Altsounds.com. 12. november 2010. Arkivert frå originalen 1. april 2011. Henta 21. november 2010. 
  4. «North of a Miracle - Nick Heyward». AllMusic. Henta 25. juli 2021. 
  5. Thompson, Dave (2007). Hallo Spaceboy: The Rebirth of David Bowie. ECW Press. s. 32. ISBN 978-1-55022-733-8. 
  6. Robbins, Ira (1989). The New Trouser Press Record Guide (Third utg.). New York: Collier Books. s. 397. ISBN 0-02-036370-2. 

Bakgrunnsstoff

endre