Opna hovudmenyen

Steven Chu

amerikansk politikar og fysikar

Steven Chu (fødd 28. februar 1948) er ein amerikansk fysikar og demokratisk politikar. Som forskar er han særleg kjend for arbeidet sitt innan kjøling og lagring av atom med laserlys, som han vart tildelt Nobelprisen i fysikk for i 1997. Han delte prisen med amerikanske William D. Phillips og franske Claude Cohen-Tannoudji.

Steven Chu
Steven Chu official DOE portrait.jpg
Fødd28. februar 1948 (71 år)
St. Louis i Missouri
NasjonalitetUSA
Områdeatomfysikk
YrkeFysikar
InstitusjonarUniversity of California, Berkeley
Stanford University
Alma materUniversity of Rochester
University of California, Berkeley
EktefelleJean Chu
MedlemRoyal Society
National Academy of Sciences
Det kinesiske vitenskapsakademi
Academia Sinica
American Association for the Advancement of Science
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
American Physical Society
Det pavelege vitskapsakademiet
VervEnergiminister i USA 2009–2013

Chu vart energiminister i Barack Obama-regjeringa den 21. januar 2009. Chu er ein uttalt tilhengjar av meir forsking på alternative energikjelder og kjernekraft, og meiner at å gå vekk frå fossilt brensel er essensielt for å kjempe mot global oppvarming.[1][2][3]

KjelderEndra

  1. H. Josef Hebert (11-12-2008). «Energy secretary pick argues for new fuel sources». Associated Press. Henta 21-12-2009. 
  2. Sarah Jane Tribble (18-06-2007). «Nuclear: Dark horse energy alternative». Oakland Tribune. Henta 21-12-2009. 
  3. Direktørene ved Energidept's laboratorier (august 2008). «A Sustainable Energy Future: The Essential Role of Nuclear Energy» (PDF). USAs energidepartement.