Steven Gerrard
Steven George Gerrard MBE (fødd 30. mai 1980 i Whiston i Merseyside) er ein engelsk fotballsplar. Han har òg vore kaptein på England sitt herrelandslag i fotball. Han vart utnemnd til medlem av Den britiske imperieordenen (MBE) i 2006. Den 3. april 2009 skreiv Gerrard under på ein kontrakt som knytte han til Liverpool ut 2013-sesongen.
![]() | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Steven George Gerrard | ||
Fødd | 30. mai 1980 (42 år) | ||
Fødestad | Whiston | ||
Høgd | 185 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Ungdomsklubbar | |||
1987-98 |
![]() | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1998-2015 2015-2016 |
![]() ![]() |
504 (120) 36 (5) | |
Landslag | |||
1999 2000-2014 |
![]() ![]() |
4 (1) 114 (21) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
KlubbfotballEndra
LiverpoolEndra
Gerrard debuterte som 18-åring på førstelaget til Liverpool FC i november 1998, då han kom inn som innbytar for Vegard Heggem.
Meisterliga-finalen 2005
25. mai 2005, då dei raude frå Anfield snudde 0-3 til 3-3 på knappe fem minutt, vart Gerrard ein av heltane i Liverpool, med blant anna sitt 1–3-mål[1] som han nikka inn etter eit innlegg frå Riise. Dei to andre måla kom frå Vladimír Šmicer og Xabi Alonso. Etter ekstraomgangar og ein dramatisk straffespark-konkurranse kunne Gerrard endeleg, som Liverpool-kaptein, motta trofeet til odel og eige, etter Liverpool sin femte triumf i Champions League. Han vart òg kåra til banens beste i finalen.
I ettertid vart det sagt at Gerrard kasta kona ut av senga, og tilbrakte natta etter finalesigeren med Champions League-pokalen.
How can I ever leave after this!?Endra
I 2005 gjekk det rykter om at Gerrard ønska ein overgang til rivalen Chelsea FC. Ironisk nok skjedde det etter at Liverpool hadde slått Chelsea ut av Champions League og vunne heile turneringa. Etter at Liverpool vann turneringa feide Gerrard vekk alle spekulasjonar om ein eventuell overgang til Chelsea då han svarte ein journalist «How can I ever leave after this?!». Nesten-overgangen enda til slutt med at han skreiv under på ein ny fireårskontrakt. Gerrard kom seinare ut med ei offentleg orsaking til fansen etter alle desse spekulasjonane.
LandslagEndra
Landslagsdebuten kom dagen etter at han fylte 20 år, i England sin 2–0-seier over Ukraina 31. mai 2000. Same året vart han tatt med til EM. Han var og med i England sin EM-tropp i 2004 og seinast i 2012. Under meisterskapen i 2012 var Gerrard kaptein og var England sin beste spelar før laget røyk ut i kvartfinalen mot Italia. Når det gjeld VM-sluttspel, var meisterskapen i Tyskland i 2006 hans første. Under VM i 2010 i Sør-Afrika var Gerrard lagkaptein og vart i fleire media kåra til England sin beste spelar.
TitlarEndra
- Ligacup-mester 2000/01, 2002/03 og 2011/2012
- FA-Cup-mester 2000/01 og 2005/06
- UEFA-Cup-mester 2000/01
- Charity Shield 2001/02 og 2005/2006
- UEFA Super Cup 2001/02 og 2004/05
- Champions League i 2004/05 som kaptein for Liverpool, og scora lagets første mål i finalen
Personlege utmerkingarEndra
- 2001: PFA Årets unge spelar
- 2004/05: Mest verdifulle spelar i UEFA Champions League
- 2006: PFA Årets spelar