Xabi Alonso
Xabier Alonso Olano, kjend som Xabi Alonso (fødd 25. november 1981 i Tolosa i Baskarland) er ein spansk fotballspelar, som spelar på midtbanen for Real Madrid i spansk Primera Division og for det spanske landslaget. Han var med på å vinna den europeiske meisterligaen med Liverpool i 2005. I 2003 vart han kåra til årets spanske spelar. Med Real Madrid vart han spansk seriemeister i 2012 og vann den europeiske Meisterligaen i 2014.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Xabier Alonso Olano | ||
Fødd | 25. november 1981 (43 år) | ||
Fødestad | Tolosa | ||
Høgd | 183 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Real Madrid | ||
Nummer | 14 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1999-2004 2000-01 2004-09 2009- |
Real Sociedad Eibar (lån) Liverpool Real Madrid |
114 (9) 14 (0) 143 (15) 158 (4) | |
Landslag | |||
2002-03 2003- |
Spania U21 Spania |
9 (0) 110 (15) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 7. juni 2014 |
Xabi Alonso debuterte for Spania sitt A-landslag i april 2003 i ein privatlandskamp mot Ecuador. Han spelte to kampar, ein frå start og ein som innbytar, i fotball-EM i 2004. Han skåra det første landslagsmålet sitt under fotball-VM i 2006. Då Spania vart europameistrar i 2008 spelte han for det meste som innbytar, i fire av Spania sine seks kampar. I VM i 2010 spelte han frå start i alle dei sju kampane då Spania vart verdsmeistrar i Sør-Afrika. I EM i 2012 spelte han igjen heile kampen i alle Spania sine kampar då dei igjen vart europameistrar.