55°16′56″N 12°27′0″E / 55.28222°N 12.45000°E / 55.28222; 12.45000

Stevns Klint.
K/Pg-grensa, «fiskeleira» er markert med raud pil.

Stevns Klint er ei 12 kilometer lang og inntil 41 meter høg kalkklippe som avgrensar halvøya StevnsAust-Sjælland i Danmark mot havet i aust. Etter dansk ordbruk er ei slik kalkklippe ein type klint, slik det framgår av namnet. Stevns Klint vart i 2014 teke inn på UNESCO si verdsarvsliste over naturarv.[1]

Stevns Klint er lagdelt. Øvst er det eit lag av bryozokalk, som på dansk òg vert kalla limsten, og som frå mellomalderen av vart nytta til byggjestein. Det var steinbrot her til fram i 1940-åra, og klinten er tydelige merka av steinuttaket. Under dette bryozokalklaget, om lag midt på klinten (midt i skrenten) er det eit 5-20 centimeter tjukt lag av det som på dansk vert kalla fiskeler (fiskeleire), eit 65,5 millionar år gamalt lag som skil to geologiske tidsaldrar. Denne typen geologiske avleiringar finst mange ulike stader på jorda. Under denne «fiskeleira» finst det kritavleiringar.

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre