Klint er i Danmark eit ord for ein større, steil skrent av fjell, stein- eller jordmasse. I Danmark er dei fleste klintar samansett av moreneavleiringar frå istida med større eller mindre innhald av leire, eller av ein sedimentær bergart som vert kalla moler, nokre stadar som veggar av kalk og på Bornholm av granitt. Høgda på klintane er ei fylgje av at materialet i dei heng tilstrekkeleg samanhengande til å kunne stå som ein fast vegg sjølv om bølgjene frå havet heile tida grev dei ut nederst.

Typisk klint.
Møns klint.
Klint ved Elsegårde.

Klintar lagar seg såleis til der bølgjeslaga ved høgvatn og under storm går til åtak på det nederste partiet av skrenten og får massane ovanfor til å rase ned. Slike tilhøve er det mange av i Danmark, mellom anna langs vestkysten av Vendsyssel, på Djursland, på austkysten av StevnsSjælland og på austkysten av Møn. Dersom ein klint inneheld meir eller mindre einsarta materiale (sand, leire, krit), vil han ha tilnærma loddrett eller svakt skrånande fall ned mot havet, alt etter evna materialet har til å henge saman. Men dersom det nedre partiet av klinten er av blaut materiale (krit) og materialet over er hardare (bryozokalk, som er berggrunnen i Danmark i store område), vil den øvre og fastare delen kunne henge mykje ut over det underlaget som har vorte borte før overhenget fell ned til sist, slik det mellom anna kan sjåast på Stevns Klint.

I Sverige nyttar ein ordet klint om både steile skrentar inn i landet, og om frittliggjande bergveggar eller abrasjonskantar, der klinten er nemninga på flata ovanfor skrenten, medan sjølve skrenten vert kalla klintkant.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre