Stevo Pendarovski

Stevo Pendarovski (fødd 3. april 1963) er ein akademikar og sosialdemokratisk politikar frå Nord-Makedonia som 12. mai 2019 vart president i landet sitt.

Stevo Pendarovski

FøddСтево Пендаровски
3. april 1963 (61 år)
Skopje
Statsborgar avNord-Makedonia
Yrkepolitikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversity American College Skopje
Utdanna vedSt. Kyrill og St. Method-universitetet i Skopje
EktefelleElizabeta Gjorgievska
FøregangarGjorge Ivanov
Alle verv
  • member of the Assembly of the Republic of North Macedonia (2016–2017)
  • Nord-Makedonias president (2019–2024) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Pendarovski vart fødd i Skopje. Han har universitetsutdanning frå St. Kyrill og St. Method-universitetet i Skopje. Han studerte først ved juridisk fakultet og tok bachelorgraden i 1987.[1] I 2006 tok han mastergrad i statsvitskap ved same universitet. Han vart ph.d. i 2008 med ei avhandling om EU sin utanriks- og tryggingspolitikk sett i forhold til små statar.[1]

Karriere endre

Frå 1998 arbeidde han i innanriksdepartementet, før han frå 2001 til 2004 var tryggleikspolitisk rådgivar for presidenten. Etter ein periode som leiar for valkommisjonen i landet frå 2004 til 2005, var Pendarovski utanrikspolitisk rådgivar for presidenten frå 2005 til 2009. Etter avlagt ph.d.-grad, byrja han i 2008 å arbeida ved University American College i Skopje.[1]

Pendarovski er aktiv i det sosialdemokratiske partiet SDSM. Han var koordinator for NATO-medlemskap under regjeringa til Zoran Zaev.[2]

President endre

I 2014 stilte han til presidentval, men tapte i andre valomgang for Gjorge Ivanov. Han stilte på nytt i presidentvalet i 2019, fekk 42,81 % av stemmene og kom òg denne gangen til andre valomgang. I andre valomgang kjempa han mot Gordana Siljanovska-Davkova støtta av VMRO-DPMNE. Pendarovski er tilhengar av avtalen med nabolandet Hellas som førte til at landet endra namn til Nord-Makedonia. Han såg på avtalen som ein føresetnad for at Nord-Makedonia kunne vera medlem i NATO. Kandidaturet hans vart støtta av det sosialdemokratiske partiet, det albanske Demokratisk union for integrasjon og 29 mindre parti. I andre valomgang fekk Pendarovski 51,66 % av stemmene, mot 44,73 % til Siljanovska-Davkova.[3]

Pendarovski vart innsett som president 12. mai 2019, og tok dermed over presidentembetet etter Gjorge Ivanov.[4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 CV Arkivert 2022-03-08 ved Wayback Machine., University American College Skopje.
  2. «SDSM nominates Stevo Pendarovski for President again», Republika, 1. mars 2019. Lesen 5. mai 2019.
  3. «iVote Demokra». Makedonias valgkommisjon. Henta 6. mai 2019. 
  4. Matamoros, Cristina Abellan (12. mai 2019). «North Macedonia's new president Stevo Pendarovski takes office» (på engelsk). Henta 12. mai 2019.