Opna hovudmenyen

Stig Roar Husby (fødd 12. september 1954) er ein norsk tidlegare mellom- og langdistanseløpar frå Trondheim. Han vann seks norske meisterskapstitlar på friidretts-bana, fire på 10 000 meter og to på 5 000 meter. Husby var medlem i Strindheim Idrettslag til 1979, sidan 1980 representerte han IL i BUL i Oslo.

Stig Roar Husby
Fødd 12. september 1954
Trondheim
Yrke friidrettsutøvar

AktivEndra

Husby synte seg som ein lovande mellom- og langdistanseløpar med tider som 3.48,2 på 1500 meter og 14.04,4 på 5 000 m, medan han enno var i juniorklassa. Året etter forbetra han den personlege rekorden på 5 000 meter til 13.56,6 og vart noregsmeister i sitt debutløp på 10 000 m på tida 30.19,8.

Dei neste sesongane stagnerte utviklinga, heilt til året 1979 kom. Han forbetra då den personlege rekorden på 1500 m til 3,44,7, og under noregsmeisterskapen fekk han nye bestetider på både 5 000 og sidan 10 000 m. Tida 13.45,2 på 5 000 m gav han sølvmedaljen, medan milløpet gjekk unna på 28.35,4 til NM-gull nummer to på distansen. I 1980 tok han sitt tredje 10 000-meter-gull i NM på årsbeste i Noreg, 28.50,7.

Sesongane 1982 og -83 pynta Husby på dei personlege rekordane. Han fekk notert 13.42,7 på 5 000 m i 1982, og i 1983 vart han klokka inn på 3.44,5 på 1500 m og 28.32,8 på 10 000 m, hans livs snøggaste milløp. I 1983 vart han også norsk dobbeltmeister med siger på både 5 000 m og den doble distansen.

Husby deltok i maraton under Sommar-OL 1984 i Los Angeles, men braut løpet. Same sesongen sprang han sine beste løp på 1500 m og 5 000 m nokon gong. Tidene 3.44,4 og 13.27,5 vart ståande som hans endelege personbeste. Etter å ha vunne sin sjette NM-tittel på bane i 1985 trappa han ned, men kom forbigåande tilbake i 1988 og tok sølvet på 10 000 m under NM.

Medaljar i norske meisterskapEndra

  • 1975: Gullmedalje på 10 000 m – 30.19,8 og bronsemedalje på 5 000 m – 14.10,0
  • 1979: Gullmedalje på 10 000 m – 28.35,4 og sølvmedalje på 5 000 m – 13.45,2
  • 1980: Gullmedalje på 10 000 m – 28.50,7 og sølvmedalje på 5 000 m – 13.53,5
  • 1981: Sølvmedalje på 1500 m – 3.46,5, bakom Ingar Engelund (3.45,8)
  • 1983: Gullmedaljar på 5 000 m – 13.57,3, og 10 000 m – 28.39,9
  • 1985: Gullmedalje på 5 000 m – 13.54,1, framom Eirik Hansen (13.56,0)
  • 1988: Sølvmedalje på 10 000 m – 28.55,5, bakom Bjørn Nordheggen (28.54,8)

KjelderEndra