Stig Sæterbakken
Stig Sæterbakken (4. januar 1966–25. januar 2012) var ein norsk skjønnlitterær forfattar og omsetjar, og sakprosaforfattar. Han var fødd på Lillehammer og budde storparten av livet her. Frå 2006 og fram til oktober 2008 var han kunstnerisk leiar av den årlege Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene, som vert arrangert i byen.
Stig Sæterbakken | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. januar 1966 Lillehammer kommune |
Død |
24. januar 2012 (46 år) |
Yrke | skribent, lyrikar |
Språk | norsk |
Stig Sæterbakken på Commons |
Stig Sæterbakken debuterte med diktsamlinga Flytende paraplyer allereie i 1984, berre 18 år gamal, medan han var elev ved Lillehammer gymnas. Som romanforfattar debuterte han i 1991 med romanen Incubus. Han er rekna som ein av dei mest sentrale norske og nordiske skjønnlitterære forfattarane i det fyrste tiåret av 2000-talet.
Stig Sæterbakken hadde òg ein karriere som musikar i ulike band.
Romanar, diktsamlingar og essays
endre- Flytende paraplyer. Dikt, 1984
- Sverdet ble til et barn. Dikt, 1986
- Vandrebok. Fortellingar, 1988
- Incubus. Roman, 1991
- Det nye testamentet. Roman, 1993
- Estetisk salighet . Essays, 1994
- Siamesisk. Roman, 1997
- Selvbeherskelse. Roman, 1998
- Sauermugg. Roman, 1999
- Det onde øye. Essays, 2001
- Kapital. Roman, 2003
- Besøket. Roman, 2006
- Usynlige hender. Roman, 2007
- Ja. Nei. Ja. Essay, 2009
- Ikke forlat meg. Roman, 2009
- Dirty Things. Essays, 2010
- Umuligheten av å leve. Essay, 2010
- Gjennom natten. Roman, 2011
- Det fryktinngydende, 2011
- De Press: Block to Block. Sakprosa, 2011
- Essays i utvalg, 2012 (Utval av tekster frå essaysamlingane Estetisk salighet (1994), Det onde øye (2001) og Dirty Things (2010), og dessutan Sacred Tears, som her vert publisert i bokform for fyrste gongen.)
Omsetjingar og attdiktingar
endre- Ján Buzássy: Midlertidig evighet. 1989. (Saman med Ivan Cicmanec)
- Ján Ondrus: Ansiktet mitt signerer jeg ikke. 1995. (Saman med Ivan Cicmanec)
- Ivan Kupec: Samtaler med skygger. 2000. (Saman med Ivan Cicmanec)
- Edgar Allan Poe: Mannen fra mengden og andre noveller. 2000
- Nikanor Teratologen: Eldreomsorgen i Øvre Kågedalen. 2007
Prisar og utmerkingar
endre- 1991: Oppland fylkeskommunes kunstnerstipend
- 2006: Osloprisen for Besøket
- 2007: Kritikerprisen for beste omsetting, for omsettinga av Eldreomsorgen i Øvre Kågedalen av Nikanor Teratologen
- 2007: Bokklubbenes oversetterpris, for omsettinga av Eldreomsorgen i Øvre Kågedalen av Nikanor Teratologen
- 2011: P2-lytternes romanpris for Gjennom natten
- 2011: Ungdommens kritikerpris for Gjennom natten
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Om Stig Sæterbakkken på forlaget Cappelen Damm Arkivert 2013-12-12 ved Wayback Machine.