Stigespel er eit brettspel som stammar frå India. Spelet går ut på at to eller fleire deltakarar tevlar om å nå enden av ei rekkje nummererte ruter. På vegen kan dei råka ting som hjelper dei til å hoppa over fleire ruter -–typisk stigar – eller ting som gjer at dei fell ned – slangar, sklier, stigar eller anna. Spelarane bruker terning til å avgjera korleis dei skal flytta brikkene sine, og berre slump gjer at ein av spelarane kjem først fram til slutten.

Tysk stigespel frå rundt 1920.

Opphv endre

 
Djain-spel frå Rajasthan frå 1800- eller 1900-talet.
 
Djainistisk gyan chaupar-brett på bomullsklede. Laga i Rajasthan på 1700- eller 1800-talet, no ved Det indiske nasjonalmuseet.

Forløparen til stigespel oppstod i India for fleire hundre år sidan. Ulike brettspel og terningspel er dokumenterte med funn frå Indusdalkulturen og omtalt i tekstar som Rigveda og Mahabharata. Det var vanleg å bruka rutenett til spel, som asjtapada med 8 × 8 ruter eller dasapada med 10 × 10. I fleire av desse spela hadde ein løp mot eit mål.

Etterkvart blei det utvikla ei pedagogisk form av slike løpspel som skulle illustrera karma og sjelen sitt strev mot frelse, moksja eller nirvana. Ulike dygder kunne hjelpa ein å nå målet fortare, medan laster, symbolisert av slangar, kunne slå ein tilbake. Spelet blei kalla jnana/gyan chaupar ('kunnskapsspelet'), moksja-patam ('frelse-spel') eller parama pada sopanam ('trinn mot den høgste staden').

Brettet kunne ha ulike storleikar og utformingar, med alt frå 72 til 380 ruter. Desse blei følgd fram og tilbake for å nå toppen. I tillegg til nummer kunne kvar rute ha namn, som maya (illusjon), dvesj (sjalusi), dán (gjevmilde) og Sarasvati (visdomsgudinna). Det kunne ha ulike dekorasjonar, som plantar, dyr, bygningar, menneskefigurar og gudar.Spelet blei tilpassa ulike religiøse retningar innan hinduismen, djainismen, buddhismen og islam. Den muslimske varianten hadde gjerne 101 ruter der den siste, og øvste, var Allah si trone. Den nest siste i eit sufispel frå 1800-talet var Shaitan.[1]

 
Vestleg versjon av stigespel med 34 ruter som blei patentert i 1893.

Nyare versjonar endre

Spelet var særleg populært i India på 1700-talet og mindre populært på 1800-talet. I dette tidsrommet blei det innført til Europa og forenkla. Eit tidleg spel som kan minna om stigespel er det amerikanske Checkered Game of Life frå 1860, der spelarane går gjennom livet og sankar poeng frå gode ting. Det første rette stigespelet i Vesten blei laga i 1892 av det engelske spelselskapet til Frederick Henry Ayres. Spelet hadde 100 ruter, 5 slangar og 5 stigar. Målet i spelet var å nå inn til midten.[2] Seinare følgde fleire vestlege variantar med ulike tal på ruter, reglar, hjelpemiddel/tilbakegangar og dekorasjonar, og stigespel blei utbreidde i den vestlege verda på 1900-talet. Medan stigar og slangar var den vanlegaste utforminga i Storbritannia og det britiske samveldet, blei ein variant med sklier (Chutes and Ladders) utbreidd i USA, medan stigar som anten kunne gå opp eller ned var vanlege i Tyskland og Norden. Det finst også mange variasjonar, til dømes med brannmenn (stiger og vasslangar), tog, snø (der kjelker eller akebrett går nedover) og ulike populære figurar.[3] Det blir stadig laga stigespel med nye motiv, som fantasy eller steampunk.[4]

Det er blitt laga versjonar av spelet for video (Chutes and Ladders VCR Game frå Milton Bradley i 1986) og datamaskinar,[5] og store gummiversjonar til å stå på. Spelet er også blitt nytta til nye pedagogiske føremål, som å læra spelarar å telja,[6] om barn sine rettar,[7] eller om korleis handlingar kan føra til klimaendringar eller berekraftig miljø.[8]

Reglar endre

 
Brikker på eit moderne stigespel.

Det finst ulike reglar for stigespel. Ein måte å starta på er å tevla om å slå 1 med terningen. I nokre spel kan ein få ein ekstra tur ved å slå 1, 5 eller 6, men bli send tilbake til start om ein slår 6 tre gonger på rad. For å vinna kan det vera nødvendig med eit terningkast som gjer at ein lander nøyaktig på enderuta.

Kjelder endre

  1. Moskalev, Sergey:«Shatranj Irfani: A Sufi Game», Science and Religion Magazine (May 1, 2008).
  2. Erwin Glonnegger: Das Spiele-Buch. Ravensburger Buchverlag, Ravensburg 1988, ISBN 3-473-42601-6. Oppgjeve av Tysk Wikipedia.
  3. Dypbukt, Sigrid Velle: «Fleipolini eller faktorama-stigespill i posten!» Arkivert 2014-07-11 ved Wayback Machine., NRK.no (30. august 2013); «Chutes and Ladders Super Hero Squad», Amazon.
  4. «Stigespill og tellepuslespill», sunneleker.no; «Steampunk Snakes & Ladders/Chutes and Ladders Board Game 'Up the Spout' A4 version on quality canvas fabric with vintage button counters», etsy.com
  5. «Beskrivelse av spillet» Arkivert 2016-03-09 ved Wayback Machine., minimedia.no
  6. «Snakes and Ladders» Arkivert 2014-09-10 ved Wayback Machine., Dickory Dock Designs.
  7. «Snakes and Ladders for Child Rights», oneonlinegames.com
  8. Morrison, Sarah. ««Battling Climate-change: How Snakes and Ladders Could Save the Planet», The Independent (14 Apr. 2013).

VIRTUAL MUSEUM OF GAMES

Bakgrunnsstoff endre