Flygeteknikken å stille

(Omdirigert frå Stiller)

Å «stille», òg nemnd å «rytle», er ein flygeteknikk hos nokre artar av fuglar og insekt som «står stille» i lufta ved hjelp av kraftige vengeslag.[1]

Ei fiskeørn som stiller.

Når fuglar stiller vil hovudet liggje stasjonært i forhold til bakken over tid. Å stille er svært energikrevjande for fuglen og kan også krevje løftekraft via vind. Teknikken blir til dømes brukt av fleire terner, isfuglar og rovfuglar når dei søkjer næring, vanlegvis i ope landskap eller over vatn. Ein teknikk ved næringssøk er at fuglen stiller høgt opp på himmelen, for så å gå ned litt, og til slutt dukke lynraskt og prøve å fange bytet. Andre artar stiller i staden i lågare høgd og dukkar rett etter bytet. Nokre fuglar, som lerker, stiller under spelflukta, og nokre småfuglar som meiser og flugesnapparar kan nokre gonger sjåast å stille medan dei søkjer. Sjølv kolibriar står stille i lufta når dei syg nektar frå blomstrar, men bruker ein heilt annan flygeteknikk.

Frå ordforklaringar i bøker på norsk bokmål:

  • Stille = «rytle, stå stille i luften på flagrende vinger (f.eks. tårnfalk).»[2]
  • Rytle - «Fugler som stiller eller står stille i luften mens de tar til seg næring eller speider etter byttedyr.»[3]

Kjelder endre

  1. Svensson, Lars (1999). Gyldendals store fugleguide (1 utg.). Gyldendal fakta. s. 8. ISBN 8205255547. 
  2. Haftorn, Svein (1966). Fjellfauna. Bruns Bokhandels forlag. s. 186. 
  3. Harrison, Colin (2000). Fugler fra hele verden. Teknologisk forlag. s. 401. ISBN 8251205646.