Isfuglfamilien

fuglefamilie
(Omdirigert frå Isfuglar)

Isfuglfamilien (Alcedinidae) er ei gruppe på omtrent 95 artar som går inn i ordenen Coraciiformes, råkefuglar, saman med mellom anna motmotar, råkar og bietarfamilien. Det største artsmangfaldet i isfuglfamilien finn vi i tropiske og subtropisk område i alle verdsdelar, men det finst somme artar som trengjer inn i kaldare soner spesielt i Nord-Amerika og i Sør-Amerika.

Isfuglfamilien
Indigoisfugl, Alcedo quadribrachys
Indigoisfugl, Alcedo quadribrachys
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Underorden: Alcedines
Familie: Isfuglfamilien Alcedinidae
Rafinesque, 1815

Isfugl (Alcedo atthis) vert ofte sett i Noreg og har hekka her om lag 20 gongar.

Skildring

endre
 
Isfugl, Alcedo atthis
Foto: Artemy Voikhansky
 
Asurisfugl, Ceyx azureus
Foto: JJ Harrison
 
Orientisfugl, Ceyx erithaca
Foto: Wikipedia-brukar Pkhun
 
Brunisfugl, Tanysiptera danae
Foto: Flickr-brukar markaharper1

Isfuglar er små til mellomstore, mykje fargerike fuglar. Dei viktigaste kjenneteikna er nebb og føter. Sistnemnte er svært korte og syndaktyl – hos dei fleste artar er dei to ytre tærne vaksne saman i nesten heile lengda. Den indre tåa er ofte redusert. Dei fleste artane har langt, kraftig og rett nebb.

Nebbet varierer avhengig av føda: nebbet i gruppa «vassisfuglar» (Cerylinae) av fiskeetande artar og i gruppa «ekte isfuglar» (Alcedininae) er rett og peikar framover. Artar i den australske slekta Dacelo, kokaburra, har ganske breitt og ikkje så langt nebb, dei knuser byttedyra, små pattedyr og krypdyr. Ein spesiell art er kroknebbisfugl, Melidora macrorrhina, han har ein liten krok i enden av nebbet og er spesialisert til å hente fram små byttedyr i jord. Plogkokaburra, Clytoceyx rex, pløyer jorda på jakt etter meitemark med det kraftige, korte og breie nebbet.

Storleiken på isfuglar varierer mykje – frå den ti cm lange og om lag ti gram lette knøttisfugl (Ispidina lecontei) til den over 40 centimeter lange og 400 gram tunge arten latterkokaburra (Dacelo novaeguineae).

Utbreiing og levevis

endre

Isfuglar har ei kosmopolitisk utbreiing i tropane og tempererte strøk. Dei er fråverande frå polarområda og nokon av dei tørraste ørkenane i verda. Ei rekkje artar har nådd øygrupper, spesielt dei i sør og aust Stillehavet. Tropane i «den gamle verda» og Australasia er kjerneområdet for denne gruppa, medan Europa og Nord-Amerika nord for Mexico er svært dårleg representert. I Europa finst berre éin vanleg art, arten isfugl, i søraustlege Europa kan ein òg finne terneisfugl og kastanjeisfugl. I Nord-Amerika lever belteisfugl, og i tillegg eit par uvanlege eller svært lokale artar ringisfugl og grønisfugl i det sørvestlige USA. Dei seks artane som finst i Amerika er fire nært nærskylde grøne isfuglar i slekta Chloroceryle og to store isfuglar i slekta Megaceryle. Sjølv tropisk Sør-Amerika har berre fem artar pluss overvintrande belteisfuglar frå nord. Til samanlikning har det afrikanske landet Gambia åtte heimehøyrande artar på berre 192 x 32 kilometer.[1]

Einskilde artar kan ha særs stor utbreiing, til dømes arten isfugl som ein finn frå Irland nord i Europa, sørover til Nord-Afrika og austover gjennom Asia så langt som til Salomonøyane i Australasia. Terneisfugl har ein omfattande distribusjon på tvers av Afrika og Asia. Andre artar har mykje meir avgrensa utbreiing, spesielt isolerte artar som er endemiske for einskilde små øyar. Til dømes er kofiauisfugl avgrensa til øya Kofiau utanfor Ny-Guinea.[1]

Isfuglane held til i eit breitt spekter av habitat. Medan dei ofte er forbundne med elver og innsjøar, vert over halvparten av isfuglartane funne i skog og ved skogkledde bekker. Dei lever òg i eit breitt spekter av andre habitat. Rustgumpisfugl i Australia lever i dei tørraste ørkenane, men isfuglar er fråverande frå andre tørre ørkenar som Sahara. Andre artar lever høgt i fjellet, eller i ope skogsterreng, og ei rekkje artar lever på tropiske korallatollar. Mange artar har tilpassa seg menneskeskapte habitat, særleg ved skogsområde, og ein kan finne isfuglar på jordbruksområder, og dessutan i parkar og hagar i tettstader og byar.[1] Verdas største isfugl, latterkokaburra, er ein skogsfugl i Australia. I kontrast har vi den europeiske arten isfugl med sitt liv ved vatn.

Isfuglar som lever ved vatn jaktar småfisk ved dukk eller stupdukk. Dei kan òg ete froskar og insekt. Dei som lever i skogshabitat tar mellom anna reptil.

Systematikk og taksonomi

endre

Inndelinga av isfuglar er særs kontroversiell. EBird/Clements Checklist frå 2018 listar 116 artar i Alcedinidae. Sibley-Ahlquist-taksonomi (1990) deler opp denne gruppa i tre mindre familiar, i følgje studiar av kromosom og DNA-DNA hybridisering. Etter den kategoriseringa er dette familiar av isfuglar:

  • Alcedinidae, «ekte isfuglar», slektene Alcedo, Ceyx og Ispidina, dei som lever ved elver,
  • Halcyonidae, slektene Lacedo, Dacelo , Clytoceyx , Cittura , Pelargopsis , Halcyon , Todirhamphus , Caridonax , Melidora , Actenoides , Syma , Tanysiptera
    dei som lever i skog, og
  • Cerylidae, slektene Megaceryle, Ceryle og Chloroceryle

Artsliste

endre

Isfuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Slekt Alcedo

  • Herkulesisfugl, Alcedo hercules, Blyth's Kingfisher, Laubmann, 1917, (NT)
  • Isfugl, Alcedo atthis, Common Kingfisher, Linné, 1758, (LC)
  • Koboltisfugl, Alcedo semitorquata, Half-collared Kingfisher, Swainson, 1823, (LC)
  • Indigoisfugl, Alcedo quadribrachys, Shining-blue Kingfisher, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Lakmusisfugl, Alcedo meninting, Blue-eared Kingfisher, Horsfield, 1821, (LC)
  • Blåkjedeisfugl, Alcedo euryzona, Blue-banded Kingfisher, Temminck, 1830, (CR)
  • Akvamarinisfugl, Alcedo coerulescens, Small Blue Kingfisher, Vieillot, 1818, (LC)

Slekt Ceyx

  • Asurisfugl, Ceyx azureus, Azure Kingfisher, Latham, 1801, (LC)
  • Bismarckisfugl, Ceyx websteri, Bismarck Kingfisher, Hartert, 1898, (VU)
  • Safirisfugl, Ceyx cyanopectus, Indigo-banded Kingfisher, Lafresnaye, 1840, (LC)
  • Kremstrupeisfugl, Ceyx flumenicolus, Northern Silvery-Kingfisher, Steere, 1890, (NT)
  • Sølvisfugl, Ceyx argentatus, Southern Silvery-Kingfisher, Tweeddale, 1877, (NT)
  • Alveisfugl, Ceyx pusillus, Little Kingfisher, Temminck, 1836, (LC)
  • Orientisfugl, Ceyx erithaca, Black-backed Dwarf-Kingfisher, Linné, 1758, (LC)
  • Raudryggisfugl, Ceyx rufidorsa, Rufous-backed Dwarf-Kingfisher, Strickland, 1847, (NR)
  • Rosenisfugl, Ceyx melanurus, Philippine Dwarf-Kingfisher, Kaup, 1848, (VU)
  • Sulawesiisfugl, Ceyx fallax, Sulawesi Dwarf-Kingfisher, Schlegel, 1866, (NT)
  • Filippinarisfugl, Ceyx margarethae, Dimorphic Dwarf-Kingfisher, Blasius, 1890, (LC)
  • Sulaisfugl, Ceyx wallacii, Sula Dwarf-Kingfisher, Sharpe, 1868, (NT)
  • Halmaheraisfugl, Ceyx uropygialis, North Moluccan Dwarf-Kingfisher
  • Opalisfugl, Ceyx lepidus, Seram Dwarf-Kingfisher, Temminck, 1836, (LC)
  • Buruisfugl, Ceyx cajeli, Buru Dwarf-Kingfisher, Wallace, 1863, (NT)
  • Nyguineaisfugl, Ceyx solitarius, Papuan Dwarf-Kingfisher, Temminck, 1836, (LC)
  • Manusisfugl, Ceyx dispar, Manus Dwarf-Kingfisher, Rothschild & Hartert, 1914, (NT)
  • Niuailanisfugl, Ceyx mulcatus, New Ireland Dwarf-Kingfisher, Rothschild & Hartert, 1914, (LC)
  • Niubritenisfugl, Ceyx sacerdotis, New Britain Dwarf-Kingfisher, Ramsay, 1882, (LC)
  • Bougainvilleisfugl, Ceyx pallidus, Bougainville Dwarf-Kingfisher
  • Nygeorgiaisfugl, Ceyx collectoris, New Georgia Dwarf-Kingfisher, Rothschild & Hartert, 1901, (LC)
  • Isabelisfugl, Ceyx meeki, North Solomons Dwarf-Kingfisher, Rothschild, 1901, (LC)
  • Malaitaisfugl, Ceyx malaitae, Malaita Dwarf-KingfisherMayr, 1935
  • Guadalcanalisfugl, Ceyx nigromaxilla, Guadalcanal Dwarf-Kingfisher, Rothschild & Hartert, 1905, (LC)
  • Makiraisfugl, Ceyx gentianus, Makira Dwarf-Kingfisher, Tristram, 1879, (LC)

Slekt Corythornis

  • Tiaraisfugl, Corythornis cristatus, Malachite Kingfisher, Pallas, 1764, (LC)
  • Madagaskarisfugl, Corythornis vintsioides, Malagasy Kingfisher, Eydoux & Gervais, 1836, (LC)
  • Jungelisfugl, Corythornis leucogaster, White-bellied Kingfisher, Fraser, 1843, (LC)
  • Gassarisfugl, Corythornis madagascariensis, Madagascar Pygmy-Kingfisher, Linné, 1766, (LC)

Slekt Ispidina

  • Pygméisfugl, Ispidina picta, African Pygmy-Kingfisher, Boddaert, 1783, (LC)
  • Knøttisfugl, Ispidina lecontei, African Dwarf Kingfisher, Cassin, 1856, (LC)

Slekt Lacedo

Slekt Dacelo

  • Latterkokaburra, Dacelo novaeguineae, Laughing Kookaburra, Hermann, 1783, (LC)
  • Larmekokaburra, Dacelo leachii, Blue-winged Kookaburra, Vigors & Horsfield, 1827, (LC)
  • Fregnekokaburra, Dacelo tyro, Spangled Kookaburra, Gray, GR, 1858, (LC)
  • Kvitnebbkokaburra, Dacelo gaudichaud, Rufous-bellied Kookaburra, Gaimard, 1823, (LC)

Slekt Clytoceyx

  • Plogkokaburra, Clytoceyx rex, Shovel-billed Kookaburra, Sharpe, 1880, (LC)

Slekt Cittura

  • Harlekinisfugl, Cittura cyanotis, Lilac-cheeked Kingfisher, Temminck, 1824, (LC)

Slekt Pelargopsis

  • Brunvengisfugl, Pelargopsis amauroptera, Brown-winged Kingfisher, Pearson, 1841, (NT)
  • Storkenebbisfugl, Pelargopsis capensis, Stork-billed Kingfisher, Linné, 1766, (LC)
  • Sotvengisfugl, Pelargopsis melanorhyncha, Great-billed Kingfisher, Temminck, 1826, (LC)

Slekt Halcyon

  • Flammeisfugl, Halcyon coromanda, Ruddy Kingfisher, Latham, 1790, (LC)
  • Kakaoisfugl, Halcyon badia, Chocolate-backed Kingfisher, Verreaux, J & Verreaux, E, 1851, (LC)
  • Kastanjeisfugl, Halcyon smyrnensis, White-throated Kingfisher, Linné, 1758, (LC)
  • Brunbrystisfugl, Halcyon gularis, Brown-breasted Kingfisher, Kuhl, 1820, (LC)
  • Gråhovudisfugl, Halcyon leucocephala, Gray-headed Kingfisher, Statius Müller, PL, 1776, (LC)
  • Svarthetteisfugl, Halcyon pileata, Black-capped Kingfisher, Boddaert, 1783, (LC)
  • Javaisfugl, Halcyon cyanoventris, Javan Kingfisher, Vieillot, 1818, (LC)
  • Lundisfugl, Halcyon senegalensis, Woodland Kingfisher, Linné, 1766, (LC)
  • Mangroveisfugl, Halcyon senegaloides, Mangrove Kingfisher, Smith, A, 1834, (LC)
  • Blåbrystisfugl, Halcyon malimbica, Blue-breasted Kingfisher, Shaw, 1812, (LC)
  • Brunhovudisfugl, Halcyon albiventris, Brown-hooded Kingfisher, Scopoli, 1786, (LC)
  • Savanneisfugl, Halcyon chelicuti, Striped Kingfisher, Stanley, 1814, (LC)

Slekt Todiramphus

  • Papuaisfugl, Todiramphus nigrocyaneus, Blue-black Kingfisher, Wallace, 1862, (NT)
  • Halsbandisfugl, Todiramphus winchelli, Rufous-lored Kingfisher, Sharpe, 1877, (VU)
  • Molukkisfugl, Todiramphus diops, Blue-and-white Kingfisher, Temminck, 1824, (LC)
  • Lazuliisfugl, Todiramphus lazuli, Lazuli Kingfisher, Temminck, 1830, (NT)
  • Rustgumpisfugl, Todiramphus pyrrhopygius, Red-backed Kingfisher, Gould, 1841, (LC)
  • Skogisfugl, Todiramphus macleayii, Forest Kingfisher, Jardine & Selby, 1830, (LC)
  • Kvitryggisfugl, Todiramphus albonotatus, New Britain Kingfisher, Ramsay, 1884, (NT)
  • Salomonisfugl, Todiramphus leucopygius, Ultramarine Kingfisher, Verreaux, J, 1858, (LC)
  • Vanuatuisfugl, Todiramphus farquhari, Vanuatu Kingfisher, Sharpe, 1899, (NT)
  • Marquesasisfugl, Todiramphus godeffroyi, Marquesas Kingfisher, Finsch, 1877, (CR)
  • Mangaiaisfugl, Todiramphus ruficollaris, Mewing Kingfisher, Holyoak, 1974, (VU)
  • Tahitiisfugl, Todiramphus veneratus, Society Kingfisher, Gmelin, 1788, (LC)
  • Niauisfugl, Todiramphus gertrudae, Niau KingfisherMurphy, 1924
  • Skratteisfugl, Todiramphus tutus, Chattering Kingfisher, Gmelin, 1788, (LC)
  • Stillehavsisfugl, Todiramphus sacer, Pacific KingfisherGmelin, 1788
  • Palauisfugl, Todiramphus pelewensis, Palau Kingfisher, Wiglesworth, 1891, (NT)
  • Guamisfugl, Todiramphus cinnamominus, Guam Kingfisher, Swainson, 1821, (EW)
  • Pohnpeiisfugl, Todiramphus reichenbachii, Pohnpei Kingfisher, Hartlaub, 1852, (VU)
  • Samoaisfugl, Todiramphus recurvirostris, Flat-billed Kingfisher, Lafresnaye, 1842, (LC)
  • Louisiadeisfugl, Todiramphus colonus, Colonist KingfisherHartert, 1896
  • Nefrittisfugl, Todiramphus sordidus, Torresian KingfisherGould, 1842
  • Maskaraisfugl, Todiramphus sanctus, Sacred Kingfisher, Vigors & Horsfield, 1827, (LC)
  • Jadeisfugl, Todiramphus chloris, Collared Kingfisher, Boddaert, 1783, (LC)
  • Strandisfugl, Todiramphus saurophagus, Beach Kingfisher, Gould, 1843, (LC)
  • Marianeisfugl, Todiramphus albicilla, Mariana KingfisherDumont, 1823
  • Melanesiaisfugl, Todiramphus tristrami, Melanesian KingfisherLayard, EL, 1880
  • Sørgjeisfugl, Todiramphus funebris, Sombre Kingfisher, Bonaparte, 1850, (VU)
  • Talaudisfugl, Todiramphus enigma, Talaud Kingfisher, Hartert, 1904, (NT)
  • Kanelisfugl, Todiramphus australasia, Cinnamon-banded Kingfisher, Vieillot, 1818, (NT)

Slekt Caridonax

  • Sundaisfugl, Caridonax fulgidus, White-rumped Kingfisher, Gould, 1857, (LC)

Slekt Melidora

  • Kroknebbisfugl, Melidora macrorrhina, Hook-billed Kingfisher, Lesson, 1827, (LC)

Slekt Actenoides

  • Mustasjeisfugl, Actenoides bougainvillei, Moustached Kingfisher, Rothschild, 1904, (EN)
  • Skjeggisfugl, Actenoides concretus, Rufous-collared Kingfisher, Temminck, 1825, (NT)
  • Dropeisfugl, Actenoides lindsayi, Spotted Kingfisher, Vigors, 1831, (LC)
  • Mindanaoisfugl, Actenoides hombroni, Blue-capped Kingfisher, Bonaparte, 1850, (VU)
  • Munkeisfugl, Actenoides monachus, Green-backed Kingfisher, Bonaparte, 1850, (NT)
  • Blåhovudisfugl, Actenoides princeps, Scaly-breasted Kingfisher, Reichenbach, 1851, (NT)

Slekt Syma

  • Torotoroisfugl, Syma torotoro, Yellow-billed Kingfisher, Lesson, 1827, (LC)
  • Najadeisfugl, Syma megarhyncha, Mountain Kingfisher, Salvadori, 1896, (LC)

Slekt Tanysiptera

  • Aruisfugl, Tanysiptera hydrocharis, Little Paradise-Kingfisher, Gray, GR, 1858, (DD)
  • Galateaisfugl, Tanysiptera galatea, Common Paradise-Kingfisher, Gray, GR, 1859, (LC)
  • Kofiauisfugl, Tanysiptera ellioti, Kofiau Paradise-Kingfisher, Sharpe, 1870, (VU)
  • Biakisfugl, Tanysiptera riedelii, Biak Paradise-Kingfisher, Verreaux, J, 1866, (NT)
  • Numforisfugl, Tanysiptera carolinae, Numfor Paradise-Kingfisher, Schlegel, 1871, (NT)
  • Nymfeisfugl, Tanysiptera nympha, Red-breasted Paradise-Kingfisher, Gray, 1840, (LC)
  • Brunisfugl, Tanysiptera danae, Brown-headed Paradise-Kingfisher, Sharpe, 1880, (LC)
  • Trådstjertisfugl, Tanysiptera sylvia, Buff-breasted Paradise-Kingfisher, Gould, 1850, (LC)

Slekt Megaceryle

  • Kjempeisfugl, Megaceryle maxima, Giant Kingfisher, Pallas, 1769, (LC)
  • Kaskadeisfugl, Megaceryle lugubris, Crested Kingfisher, Temminck, 1834, (LC)
  • Ringisfugl, Megaceryle torquata, Ringed Kingfisher, Linné, 1766, (LC)
  • Belteisfugl, Megaceryle alcyon, Belted Kingfisher, Linné, 1758, (LC)

Slekt Ceryle

  • Terneisfugl, Ceryle rudis, Pied Kingfisher, Linné, 1758, (LC)

Slekt Chloroceryle

  • Amazonisfugl, Chloroceryle amazona, Amazon Kingfisher, Latham, 1790, (LC)
  • Bronseisfugl, Chloroceryle aenea, American Pygmy Kingfisher, Pallas, 1764, (LC)
  • Grønisfugl, Chloroceryle americana, Green Kingfisher, Gmelin, 1788, (LC)
  • Olivenisfugl, Chloroceryle inda, Green-and-rufous Kingfisher, Linné, 1766, (LC)

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Woodall, Peter (2001). «Family Alcedinidae (Kingfishers)». I del Hoyo, J.; Elliot, A. & Sargatal, J. Mousebirds to Hornbills. Handbook of the Birds of the World. Band 6. Barcelona: Lynx edicions. s. 103–187. ISBN 848733430X. 
  2. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

endre