Stokkalandsmarka
Stokkalandsmarka er ein tettstad som ligg ved Vigrestad i Hå kommune på Jæren. Tettstaden ligg ved eit industriområde der det vert laga betong, ymse metallmateriale og beleggingsstein. Tettstaden ligg òg ved Haugstadskogen som opphavleg vart planta til å bremsa vinden og til ved.
Stokkaland står på 100-årsplanen til Hå kommune for utbygging.