Stolpe
Stolpe er ein loddrett stokk som er sett fest i bakken og som ein kan bruka til å halda oppe utstyr som lys og leidningar. Stolpar kan ha namn etter bruksområdet sitt, som strømstolpe, kraftstolpe, lysstolpe eller kraftleidningstolpe. Stolpar med telefonlediningar blir kalla telefonstolpar, medan telegrafstolper fanst då ein sendte telegrafi via luftlinje.
Stolpar er vanlegvis av tømmer. Kreosot, som blei brukt til impregnering av stolpar, blei forbode i EU i 2001.[1]
Bruken av stolpar er redusert fordi elektriske kablar i større grad blir gravne ned, og fordi fasttelefon ofte er erstatta av mobiltelefon.[2][3]
Hakkespettar kan hakka hol i stolpar. Ei undersøking frå 1995 viste at norske elektrisitetsverk måtte erstatta hakkespettskadar for 2,9 millionar kroner per år.[4]
Galleri
endre-
Telefonstolpe med kabel.
Foto: Alexander Rahm
-
Telefonstolper med telefontråder.
Kjelder
endre- ↑ Direktiv 2001/90/EC
- ↑ Geirr har 25 ubrukte telefonstolpar på eigedommen – Telenor kan ikkje love når dei blir fjerna. NRK. Besøkt 16. januar 2021.
- ↑ Her vant huseierne over Hafslund. klikk.no. Besøkt 16. januar 2021.
- ↑ Bevanger, Kjetil (1995). Hakkespetter som konfliktfaktor i elektrisitetsforsyningen. Norsk institutt for naturforskning. s. 3. ISBN 8242605491.
- Denne artikkelen bygger på «Stolpe (infrastruktur)» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juni 2023.