Stonehouse Bay er ei bukt i Antarktis på vestsida av Laubeuffjorden, på austkysten av Adelaide Island mellom Hunt Peak og Sighing Peak. Bukta er 9 km brei. Ho vart først oppdaga og kartlagd i januar 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot. Bukta vart kalla opp etter Bernard Stonehouse frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), som var meteorolog i 1947-48 og biolog i 1949 ved Stonington Island og leiaren for eit hundesledelag hos FIDS som kartla bukta på ny i 1948.[1][2]

Stonehouse Bay
bukt
Stonehouse Bay er den største bukta ein ser til høgre på flyfotoet av austkysten av Adelaide Island.
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 67°21′S 68°5′W / 67.350°S 68.083°W / -67.350; -68.083
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Stonehouse Bay
67°21′00″S 68°05′00″W / 67.35°S 68.0833°W / -67.35; -68.0833
Stonehouse Bay is located in Antarktis
Stonehouse Bay (Antarktis)

Den største breen på Adelaide Island, Shamblesbreen, kalvar i Stonehouse Bay.[3]

Kjelder

endre
  1. http://data.aad.gov.au/aadc/gaz/display_name.cfm?gaz_id=111415
  2. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=154:3:4412732919782631::NO::P3_ANTAR_ID,P3_TITLE:14627%2CStonehouse%20Bay
  3. British Antarctic Survey topographic map (Satellite Image Map) SQ 19-20/14 (Extended), Edition 1, 2010. Adelaide Island and Arrowsmith Peninsula, Scale 1:250.000