Storøya i Bergen
60°26′45″N 05°18′05″E / 60.44583°N 5.30139°E
Storøya | |||
øy | |||
Fylke | Vestland | ||
---|---|---|---|
Kommune | Bergen kommune | ||
Folketal | 0 | ||
Storøya er ei øy i Eidsvågen i Åsane i Bergen kommune. Øya er veglaus og utan fast busetjing. Øya vart skilt ut frå Åstveit som eigen gard i 1816. Ved folketeljinga i 1900 budde det 11 personar her.[1] I 1920 vart øya selt til Bergens Seilforening, som bygde foreningshus og fasilitetar for båtliv her. Etter overfallet på Noreg i 1940 sette det tyske militæret opp kanonstillingar og brakkar på øya, og desse vart bomba av engelske fly i mai 1940, men utan at nokon menneske kom til skade. I 1956 kjøpte Bergen kommune øya. Dei siste fastbuande flytta herfrå i 1969.
Kjelder
endre- ↑ Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007)
- Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007)