Åstveit
Åstveit er eit bustadområde og ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 1338 i 2001. Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen. Åstveit ligg sørvest i Åsane, ved Byfjorden.
Åstveit | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Folketal | 1 338 (2023) | ||
Postnummer | 5106 ØVRE ERVIK, 5113 TERTNES, 5115-5116 ULSET | ||
Preposisjon | på Åstveit | ||
Gardnummer | 209 | ||
Ferdselsårer | |||
Åstveit 60°26′56″N 5°18′45″E / 60.44892194°N 5.312405°E |
Det foregjekk bustadbygging på området til Åstveit gjennom heile 1900-talet. Denne auka markant frå 1950-åra av, og på 1970-talet vart store område bygd ut. På området til Åstveit ligg Kalvatreæet barneskule frå 1971, Åstveit ungdomsskule frå 1967, Tertnes vidaregåande skule (tidlegare Åsane gymnas) frå 1972, Åsane stadion frå 1973 og Åstveithallen frå 1973.
Jordbruksaktiviteten i Åstveit avtok frå 1930-talet av. Mykje av innmarka på hovudbruket vart golfbane for Bergen golfklubb i 1937. Denne banen er framleis i bruk.
Kjelder
endreFrode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 84-98
- Fotnotar