Storebæltbrua
Storebæltbrua (dansk: Storebæltsbroen) er ei hengebru mellom dei danske øyane Sprogø og Sjælland. Brua er den austlegaste av dei to bruene på det 18 kilometer lange Storebæltsambandet mellom Fyn og Sjælland.
Storebæltsbroen | |||
![]() | |||
Type | vegbru | ||
---|---|---|---|
Stad | Sprogø og Sjælland i Danmark | ||
Kryssar | Storebælt | ||
Transporterer | Biltrafikk | ||
![]() Storebæltbrua |
Brua er 6 790 meter lang. Det frie spennet er 1 624 meter, noko som gjer brua til verdas tredje lengste hengebru etter Akashi-Kaikyo-brua i Japan og Xihoumen-brua. På det høgaste er vegbanen ca. 70 m over vassflata, av omsyn til den internasjonale skipstrafikken i Storebælt. Pylonarane, som ber kablane til hengebrua, er 254 m høge. Med dette er dei mellom dei høgaste punkta i Danmark.
Det er berre vegtrafikk over brua, jarnbanen går i undersjøisk tunnel. Bygginga starta i 1989, og brua vart opna i juni 1998. Jarnbanen vart opna i 1997. Brua er bygd, eigd og drifta av selskapet Storebælt A/S. Årsdøgnstrafikken (ÅDT) var i 2004 ca. 24 000.