Storebæltsambandet

Storebæltsambandet er eit veg- og jarnbanesamband mellom dei danske øyane Fyn i vest og Sjælland i aust, via Sprogø omtrent midtvegs. Mellom Fyn og Sprogø er det ei kombinert veg- og jarnbanebru. I aust går vegen over høgbrua Storebæltbrua og jarnbanen går i tunnel. Sambandet er i alt ca. 18 km.

Storebæltbrua.

Sjælland vart skjenefast med Europa den 11. september 1995 da arbeidarane festa saman jarnbaneskjenene frå Fyn og Sjælland i tunnelen under Storebælt. Høgbrua vart først ferdig nokre år seinare, sidan det var politisk bestemt å prioritere jarnbanetilknytinga først.

Prosjektet vart vedteke av Folketinget i 1986. Det hadde vore diskutert eller under arbeid i mesta 100 år før det stod ferdig og vart opna i juni 1998. Samtidig vart det oppretta eit statleg selskap kalla A/S Storebæltsforbindelsen, som fekk til oppgåve å ta seg av prosjektering, bygging og drift av sambandet. Selskapet er eigd av det statseigde Sund og Bælt Holding A/S, som òg eig A/S Øresund, som saman med det svenske statseigde selskapet SVEDAB AB står for Øresundssambandet.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre