Storforsen

naturreservat i Norrbotten, Sverige

Koordinatar: 65°51′41.209″N 20°24′40.676″E

Storforsen er ein foss i Pite älv i Älvsbyn kommun i Sverige. Fossen ligg ved bygda Bredsel ca. 40 kilometer vest for kommunesenteret Älvsbyn. Med ei middelvassføring på 250 m³/sek og fallhøgd på 60 meter, utgjer han ein av dei største fossane i Europa. Han er den største uregulerte fossen i Europa der den samanlagte lengda på heile fossen, frå start til slutt er fem kilometer med ei total fallhøgde på 82 meter.

Storforsen, 16-10-2005

Med over 150 000 vitjande kvart år er Storforsen ein av dei mest vitja naturattraksjonane i Sverige.[1]

Kjelder Endra

  1. Storforsen – älvens pärla Arkivert 2012-02-02 ved Wayback Machine. Fra hjemmesidene til Älvsbyn kommune