Storhertugdømet Vestarktika
Storhertugdømet Vestarktika (engelsk Grand Duchy of Westarctica) er ein mikronasjon skapt av amerikanske Travis McHenry, som har gjort krav på Marie Byrd Land. Vestarktika vart grunnlagt som følgje av eit påstått smutthol i Antarktistraktaten. Krav om status som mikronasjon har blitt nytta til å prege og selje myntar til samlarar. Vestarktika er ikkje anerkjent av noko land.
Det meste av mikronasjonen består av Marie Byrd Land, som ingen andre land har gjort krav på.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Grand Duchy of Westarctica» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2012.