Storhundre (av norrønt hundrað = 120 eller tolv tiarar) er ei gamal mengdeeining, òg kalla tolvrøtt hundre (tolfrǿð hundrað) for å skilja det frå tirøtt hundre (tírǿð hundrað), som ein i dag forbind med hundre.

Hundre utgjorde opphavleg 120 einingar, men vart seinare omdefinert til 100 einingar. Den opphavlege verdien vert difor kalla storhundre eller stort hundre. Et storhundre kunne vidare delast i 2 skokkar, 6 sneis eller 10 tylfter.

I trelasthandelen var storhundre i bruk til ut på 1800-talet og for omsetning av råfisk i Nord-Noreg heilt til etter hundreårsskiftet.

Ti storhundre utgjorde eit stortusen.