Storklokke
Storklokke er ei blomsterplante i klokkeslekta i klokkefamilien. Planta vert kring 80 cm høg, ofte meterhøg. Stengel og blad er oftast snaue. Blomstrane er først opprette, men heng litt til slutt. Begerflikane sprikjer utover. Kron aer fiolett, bleikblå eller kvit og fire-fem cm lang.
Storklokke | |
Storklokke | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Klokkefamilien Campanulaceae |
Underfamilie: | Campanuloideae |
Slekt: | Klokkeslekta Campanula |
Art: | Storklokke C. latifolia |
Vitskapleg namn | |
Campanula latifolia |
Arten er utbreidd i Europa og Asia. Storklokke veks i Noreg nord til Ofoten, og blomstrar kring juli månad på våte stader i skog og lier. Ho er funnen opp til 700 moh.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hässleklocka» frå Wikipedia på svensk, den 17. juni 2011.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.