Stor-Polen

(Omdirigert frå Storpolen)

Stor-Polen (polsk Wielkopolska, latin Polonia Maior) er ein historisk region i sentralvestlege delar av Polen langs elva Warta, med hovudbyane Poznań, Gniezno og Kalisz.

Våpenskjoldet til Storpolske voivodskap

Stor-Polen utgjorde kjernen i den unge polske mellomalderstaten, og vert derfor ofte rekna for å vere vogga til Polen. Regionen omfattar store delar av områda som vert drenert av Warta og bielvane hennar, og kan delast opp i to geografiske hovudområde – innsjøområdet i nord og flatlandet i sør. Det historiske Stor-Polen ligg i dag i Storpolske voivodskap og delar av voivodskapa Lubusz, Kujawy-Pomorze og Łódź-voivodskapet.

Området var i byrjinga kjent under namnet «Polonia» (Polen) – namnet «Polonia Maior» vart teke i bruk først på 1300-1400-talet (i motsetnad til «Polonia Minor» – Vesle-Polen i sør).

Kjelder endre