Vesle-Polen
Vesle-Polen (polsk Małopolska, latin Polonia Minor) er eit historisk område som utgjer den søraustlege luten av Polen. Det ligg i det øvre og i noko av det midtre nedslagsfeltet til Wisłaelva. Namnet Vesle-Polen (til skilnad frå Stor-Polen) vart fyrst teke i bruk på 1300- og 1400-talet.
Det historiske høglandsområdet strekkjer seg frå Karpatane i sør til elvane Pilica og Wieprz i nord. Vesle-Polen grensar i vest med Schlesien, i nord med Masovia og Podlasie, og i aust med Ukraina. Fram til den andre verdskrigen femna området om ein stor lut av Ukraina (då Raudrussland) med Lviv.
Vesle-Polen ligg i dag i voivodskapa Małopolska, Podkarpacie, Lublin og Święty Krzyż, i tillegg til den austre luten av det Schlesiske voivodskapet og dei søre lutene av voivodskapa Mazowsze og Łódź.
Den historiske hovudstaden i Vesle-Polen, Kraków, vert rekna av mange som kulturhovudstaden i Polen, og står ført opp på verdsarvlista til UNESCO.[1] Saltgruva i Wieliczka like ved Kraków og trekyrkjene i Vesle-Polen er òg skrivne inn på lista.[2][3]
Kjelder
endre- ↑ UNESCO. «Historic Centre of Kraków» (på engelsk). Henta 12. august 2024.
- ↑ UNESCO. «Wooden Churches of Southern Małopolska» (på engelsk). Henta 12. august 2024.
- ↑ UNESCO. «Wooden Churches of Southern Małopolska» (på engelsk). Henta 12. august 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Lille-Polen» frå Wikipedia på bokmål, den 2. desember 2024.