Kujaviskpommerske voivodskap
Kujaviskpommerske voivodskap Województwo kujawsko-pomorskie | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
![]() | |||||
Land: | Polen | ||||
Hovudstad: | Bydgoszcz, Toruń | ||||
Fylke: | 4 byar og 19 landfylke | ||||
Gmina: | 144 | ||||
Folketal: | 2 066 425 (2006) | ||||
Areal: | 17 969 km² | ||||
Folketettleik: | 115 /km² | ||||
Heimeside: | www.kujawsko-pomorskie.pl |
Kujaviskpommerske voivodskap (polsk województwo kujawsko-pomorskie eller berre Kujawsko-Pomorskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg midt i den nordlege delen av Polen på grensa mellom dei to historiske regionane som han har fått namn etter: Kujavia (polsk Kujawy) og Pommern (polsk Pomorze).
Historie og administrasjon Endra
Kujaviskpommerske voivodskap vart danna 1. januar 1999, ut av dei tidlegare voivodskapa Bydgoszcz, Toruń og Włocławek.
Funksjonane som regionshovudstad er fordelt på dei to byane Bydgoszcz og Toruń. Bydgoszcz er sete for den sentralt utpeikte guvernøren eller voivoden, medan Toruń er setet for den valde regionsforsamlinga eller sejmik.
Naboregionar Endra
Kujaviskpommerske voivodskap grensar til fem andre voivodskap. Desse er Pommerske voivodskap i nord, Ermelandskmasuriske voivodskap i nordaust, Masoviske voivodskap i aust, Łódź-voivodskapet i sør og Storpolske voivodskap i sør og vest.
Byar Endra
Voidodskapet inneheld 52 byar. Innbyggjartala i lista nedanfor er offisielle tal frå 2006 [1]):
1. Bydgoszcz (364 953) |
27. Gniewkowo (7 254) |
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Kuyavian-Pomeranian Voivodeship» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2008.