Storvreta
59°57′31.651″N 17°42′41.422″E / 59.95879194°N 17.71150611°E Storvreta er ein svensk tettstad i Uppsala kommun i Uppsala län i landskapet Uppland. I 2005 hadde tettstaden 6 083 innbyggjarar. Storvreta ligg cirka femten kilometer nord for Uppsala. Storvreta er i dag den tredje største tettstaden til Uppsala kommune (etter Uppsala og Sävja).
Staden er kjend for innebandyklubben Storvreta IBK. Klubbens A-lag spelar i den svenske toppserien. På staden finst det barnehage, grunnskule, eldreomsorg, restaurant, daglegvarebutikkar og andre servicetilbod.
På 1980-talet blei store delar av Storvreta bygd ut, med mellom anna dei to bustadområda Adolfsberg og Lyckebo. Òg på 1990-talet gjennomgjekk staden store endringar. Då blei sentrum ombygd, og ein fekk eit nytt bibliotek.
Den største reggaefestivalen i Skandinavia, Uppsala Reggae Festival, blei i 2003 arrangert ved Ekeby Qvarn like utanfor Storvreta.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Storvreta» frå Wikipedia på bokmål, den 4. august 2012.