Strømpe er eit ettersitjande klesplagg som dekker foten og delar av beinet. Dei kan vera i vove eller strikka stoff av mange slag tekstilmaterialar, men ull, bomull, silke og ulike nylonfibrar er vanlegast. Ankelstrømper eller -sokkar når til over ankelen, andre endar midt på leggen, medan knestrømper sluttar under knea og langstrømper kan gå opp mot skrittet. Korte strømper blir som oftast kalla sokkar. Strømper blir praktisk talt alltid laget og selt parvis.

Tynne gjennomsiktige damestrømper
Knestrømper

Strømpene blir trekt på beina og sit på plass ved eigen eller forsterka elastisitet. Dei kan òg haldast oppe med sokkehaldar, strømpeband (òg kalla hoseband), livstykke, korselett, strømpehaldar, hoftehaldar og på andre måtar.

Forløparen til dagens strømper er hoser, som ein brukte i mellomalderen.

Andre typar strømper endre

Ordet strømpe blir på norsk òg brukt om andre tynne, ettersitjande og tøyelege hylster, til dømes:

  • Metallforsterka plastrøyr rundt ein bremsewire eller girwire.
  • Eit røyr som sit utanpå eit anna kan setjast på som ein strømpe, vanlegvis til vern mot slitasje av mekanisk art.
  • Eit bøyeleg, røyrforma hylster som ein trer utanpå ein elektrisk leidning for å isolera han eller skjerma dei elektriske signala mot uønska påverknad frå sterke signalkjelder som leidningen passerer.
  • Ein røyrforma bit av eit material som krympar ved oppvarming og blir sett på elektriske leidningskoplingar for å hindra fukt.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre