Strandpromenade er eit plant, ope område ved hav eller vatn som er lagt til rette for fotgjengarar. Slike promenadar gjer at ein kan spasera langs vatnet utan å bli våt eller tilgrisa. Ofte vil det også vera benkar langs ein promenade til å kvila eller nytta utsynet på. Bygging av strandpromenadar blei populært på 1800-talet, då turisme til badebyar og liknande skaut fart.

Strandpromenade ved Annecysjøen i Frankrike.

Ved ein strandpromenade kan det vere sal av mat, drikke og småting, og det kan vera ulike former for dekorasjon og underhaldning. I varme klima er det til dømes vanleg å planta palmetre langs vegen så han blir ein slags aveny. Ein kan også pynta med skulpturar, plantar eller elektriske lys.

Bakgrunnsstoff endre