Strange Sensation
Strange Sensation var backingbandet til Robert Plant på store delar av 2000-talet. I 2002 spelte Plant inn Dreamland det første soloalbumet på ni år. Det bestod av andre sine blues- og rockesongar. I 2005 kom albumet Mighty ReArranger, som var ei blanding av verdsmusikk og vestleg musikk.
I tillegg spelte bandet Robert Plant- og Led Zeppelin-songar i Soundstage Studios i Chicago. Dette avrt sendt på PBS i 2006-2007 og vart sidan gjeve ut på DVD-en Soundstage: Robert Plant and the Strange Sensation.
Besetning
endre- Justin Adams – bass, bendir, lap steel gitar, mandolin, tehardant; Wayward Sheiks-medlem og tidlegare samarbeid med Jah Wobble, Tinariwen og Brian Eno
- John Baggott – klaverinstrument og synthesizer; jazz- og trip hop-artist, medlem av Portishead
- Clive Deamer – bendir og trommer; jazz-artist som har spelt på trip hop-album og er òg medlem av Portishead
- Billy Fuller – elektrisk og kontrabass; tidlegare frå Fuzz Against Junk og medlem av BEAK> (med Geoff Barrow frå Portishead), The Moles og Malakai. Han medverka òg med bass på Massive Attack-album, Heligoland.
- Robert Plant – vokal
- Skin Tyson – bass, akustisk, elektrisk og lapsteelgitar; Britpop-musikar frå Cast og Men from Mars
- Tidlegare medlemmar
- Charlie Jones – bassist for Page and Plant
- Michael Lee – trommeslagar for Page and Plant
- Porl Thompson – multi-instrumentalist for Page and Plant, medlem av The Cure