Straumsbotn i Kvæfjord

Straumsbotn er ein liten fjord i Kvæfjord kommune i Troms og ei fortsetjing av Kvæfjorden. Fjorden strekkjer seg 3,5 km sørover til garden Solheim i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom sundet Straumen mellom grenda Straumen og Lamhagan. Det ligg fleire gardsbruk langs austsida av fjorden, Rydningen, Kristligflata, Vonheim, Solheim, Voklarstranda, Lavollen, Storli og Solheim igjen. Mellom desse gardane går Fv14 langs heile austsida. Bortsett frå i den indre delen av fjorden er det nesten ingen busetnader på vestsida.