Kvæfjorden er ein fjord i Kvæfjord kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 17 km søraustover til Voktor i botn av fjorden.

Kvæfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Kvæfjord
Kart
Kvæfjorden
68°49′51″N 16°02′20″E / 68.83071°N 16.03896°E / 68.83071; 16.03896

Fjorden har innløp mellom Gavlen på Gapøya i vest og Bremnes i aust. Fjorden går sørover på austsida av Gapøya og Kvæøya. Bygda Bremnes ligg heilt ytst i fjorden på austsida. Ei anna bygd lenger inne i fjorden er Utstrand.

Når fjorden kjem mellom Kvæøya og Hinnøya vert han òg kalla Bygdesundet. På austsida her ligg Borkenes som er administrasjonssenter i kommunen. Frå her går det ferje over fjorden til Hokland på Kvæøya. Inst i fjorden ligg Vikvågen og frå her går fjorden Straumsbotn vidare sørover. På vestsida av Kvæøya ligg Gullesfjorden og vest for Gapøya ligg Godfjorden.

Fv1 går langs nordaustsida av fjorden, medan Riksveg 83 går langs den indre delen av fjorden.