Straumsfjorden i Solund

Straumsfjorden er ein sidefjord til Sognesjøen og Sognefjorden i Solund kommune. Han ligg mellom øya Ytre Sula i aust og øygruppa Indrevær i vest. Fjorden har ei lengd på om lag 8 km og går frå sør til nord.

Straumsfjorden
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Solund
Map
Straumsfjorden i Solund
61°0′54″ N 4°37′36″ E

Det sørlege innløpet til fjorden ligg mellom holmane Storoksen og Litloksen i aust og Krokøyna i vest. Den nordlege grensa går mellom Stornova i aust og Store Floskjeret i vest. På austsida ligg dei to grendene Kolgrov og Hjønnevåg.