Striden om Kaprolathøgda

66°04′03″N 33°00′50″E / 66.06750°N 33.01389°E / 66.06750; 33.01389

Kaprolat og Hasselmannshøgda låg ved dei store innsjøane vest for teksta White Sea

Slaget om Kaprolat og Hasselmann fann stad i Karelen under Den finske framhaldskrigen under andre verdskrigen.[1]

«Kaprolat» var saman med den nærliggande stillinga «Hasselmann» tyske nemningar på stillingar på kvar sin kolle i det austlege Karelen på russisk side av grensa under andre verdskrigen. Stillingane låg vest for den vesle karelske byen Louhi. Ved ein sovjetisk offensiv i juni 1944 vart rundt 120 norske frontkjemparar drepne og 23 døydde i sovjetisk fangenskap. Dette tapet, totalt rundt 143, er det største tapet som har råka ei norsk landstridavdeling nokon gång.

Kampane ved Kaprolat 1944 endre

På Kaprolat og Hasselmann var det rundt 200 nordmenn, og av desse vart 117 norske frontkjemparar meldt sakna eller drepne i kamp då dei gjorde teneste i Waffen SS-eininga SS-skijegerbataljon Noreg og vart nedkjempa av Den raude armeen på desse to stadane i dagane 25. og 26. juni 1944. Det sovjetiske angrepet vart innleidd 25. juni etter at SS-styrkane hadde kunna observera at dei sovjetiske styrkane bygde ein veg gjennom det myrete området hjelp hjelp av kavlemattar, tømmer lagt ut i det myrete landskapet opp mot stillingane.[2]

Då Waffen SS-styrkane skjøna at dei var i ferd med å verte nedkjempa, freista ei gruppe å sleppa unna gjennom utbrot mot sør i retning av dei andre tyske stillingane på Hasselmannshøgda, men svært få lukkast i dette. Andre prøvde å gøyma seg i skogen for seinare å gå mot nord/vest. Denne gruppa lukkast etter tolv dagars vandring gjennom skogen å nå støttepunktet Sasjajek.

Rundt 40 norske frontkjemparar skal ha vorte tekne som krigsfangar av dei sovjetiske styrkane.

Etter kampane endre

Femten norske krigsfangar frå Kaprolat-kampane returnerte til Noreg i perioden mellom hausten 1945 og oktober 1953. Frå russiske kjelder vert det opplyst at dei hadde teke til fange 48 soldatar etter kampane.

Området vart verande avstengt etter kampane og i heile etterkrigstiden som ein del av grenseområda mot Finland. Dei falne soldatane vart ikkje gravlagd og har til dels lege framme i dagen sidan. Etter Sovjetunionens fall er det vorte teke initiativ for å bringa levningene etter dei norske frontkjemparane heim til Noreg. Professor Stein Ugelvik Larsen ved Universitetet i Bergen leier den sokalla Kaprolatkomiteen som arbeider med å identifisera leivningane etter dei norske SS-soldatane. Arbeidet finansierast mellom anna av det norske utenriksdepartement med éin million kroner.[treng kjelde]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Referansar
  1. Trellevik, Vidar. «Dødsmarkene». NRK (på norsk bokmål). 
  2. (yas@norge.ru), Orlov Iaroslav, «Гибель егерского батальона СС "Норге", 1944 г. | NORGE.RU - вся Норвегия на Русском», www.norge.ru, henta 22. oktober 2018 

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur
Nettstader