Strongylí Kastellorízou

(Omdirigert frå Stroggyli Kastellorizou)

Strongylí Kastellorízou (gresk Στρογγυλή Καστελλορίζου, tyrkisk Çam Adası) eller Strongylí Mejístis (gresk Στρογγυλή Μεγίστης), òg kalla Strongili eller Ipsili, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane aust i Middelhavet, om lag 9 km søraust for øya Kastellórizo. Øya er om lag 1,5 km lang og opp til 700 meter brei. Ho dekkjer eit areal på 0,9 km². Strongylí er heller flat og er dekt av macchia. Øya høyrer til kommunen Kastellórizo.[1]

Strongylí Kastellorízou
øy
Land  Hellas
Del av Dodekanesane
Areal 0,9 km²
Folketal 0 (2011)
Kart
Strongylí Kastellorízou
36°06′50″N 29°38′12″E / 36.113888888889°N 29.636666666667°E / 36.113888888889; 29.636666666667
Wikimedia Commons: Strongyli Megistis

Strongylí er den austlegaste øya i Hellas. Ho har eit fyr, som dermed er den austlegaste bygningen i Hellas. Det er registrert 1 innbyggjar ved folketeljinga i 2021.[1]


Kjelder

endre


36°06′55″N 29°38′04″E / 36.1153°N 29.6344°E / 36.1153; 29.6344

  Denne geografiartikkelen som har med Hellas å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.