Strongylí Kastellorízou

Strongylí Kastellorízou (gresk Στρογγυλή Καστελλορίζου, tyrkisk Çam Adası) eller Strongylí Mejístis (gresk Στρογγυλή Μεγίστης), òg kalla Strongili eller Ipsili, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane aust i Middelhavet, om lag 9 km søraust for øya Kastellórizo. Øya er om lag 1,5 km lang og opp til 700 meter brei. Ho dekkjer eit areal på 0,9 km². Strongylí er heller flat og er dekt av macchia. Øya høyrer til kommunen Kastellórizo.[1]

Strongylí Kastellorízou
øy
StrongiliMegisti20060929.jpg
Land Flag of Greece.svg Hellas
Del av Dodekanesane

Strongylí Kastellorízou
36°6′55″ N 29°38′4″ E
Wikimedia Commons: Strongyli Megistis

Strongylí er den austlegaste øya i Hellas og er ikkje busett.[1] Ho har derimot eit fyr, som dermed er den austlegaste bygningen i Hellas.

KjelderEndra


Koordinatar: 36°6′55″ N 29°38′4″ E

  Denne geografiartikkelen som har med Hellas å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.