Stryneelva

elv i Noreg

61°54′33.188″N 6°45′31.147″E / 61.90921889°N 6.75865194°E / 61.90921889; 6.75865194

Stryneelva
elv
Land  Noreg
Kart
Stryneelva
61°54′33″N 6°45′31″E / 61.90921889°N 6.75865194°E / 61.90921889; 6.75865194
Wikimedia Commons: Stryneelva

Stryneelva er ei elv i Stryn kommune i Vestland. Elva kjem frå Strynevatn (29 moh.) og munnar ut i Nordfjord i tettstaden Stryn. Ho er 8 kilometer lang. Det viktigaste tilløpet til Strynevatnet er Hjelledøla frå aust og Erdalselva frå søraust. Hjelledøla heiter Videdøla ovanfor samanløpet med Skjeringsdalselva frå nord. Denne har sine øvste kjelder på Strynefjellet.

Stryneelva renn gjennom Strynedalen, som er ein U-dal med fjell på begge sider opp mot 1500 moh. Elva har meandrerande elveløp som buktar seg gjennom eit frodig kulturlandskap. Ho er rekna som ei god lakseelv.

Kjelder endre

«Stryneelva» i Store norske leksikon, snl.no.