Opna hovudmenyen
Utsyn frå den gamle Strynefjellsvegen

Strynefjellet er eit fjellområde på grensa mellom Stryn kommune i Sogn og Fjordane og Skjåk kommune i Oppland. Fjellområdet strekkjer seg grovt sett frå Jostedalsbreen i sør, og til Reinheimen i nord. Meir detaljert, så strekkjer området seg mellom Breidalen i Skjåk, Skridulaupen i Skjåk, og vestover til Hjelledalen i Stryn.

Strynefjell ligg på begge sider av den gamle vinterstengde Strynefjellsvegen (Riksveg 258) gjennom Videdalen. Det høgste punktet på den gamle vegen er 1139 moh.

KommunikasjonEndra

Riksveg 15 er den viktigaste samferdsleåra gjennom området, som går frå aust frå Grotli langsmed Breidalen fram til Langvatn, der kan går nedover i 3 tunnelar nedover mot Ospeli bru, om Grasdalen, føre svingane nedover til Skåre, innast i Hjelledalen i Stryn.

Fylkesveg 63 tek til i krysset med riksveg 15 Langvatn, og held fram vestover Breidalen mot Geiranger i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Fylkesveg 258 tek til på Grotli i Breidalen, og går inn i sidedalen Heilstugudalen vestover Tystigen og Videdalen, og svingane nedover til riksveg 15 ved Ospeli bru. Dette er den gamle Strynefjellsvegen.

KjelderEndra