Stubbrytar eller steinbukk[1] er ein reiskap som tidlegare vart nytta for å trekkja stubbar og stein or marka i nybrot.

Ein stubbrytar.

Oppbygging endre

Maskina er bygga opp av tre føter som er heldt saman i midten. Den eine foten er var ofte ein dobbelfot, der det var plassert ein manuell vinsj. Ståltauet gjekk frå vinsjen til ei talje i toppen der føtene møttest. For å auka lyftekrafta kunne det nyttast kraftblokk. Stubbrytarar hadde ei løftekraft på nokre titals kN.

Bruk endre

Forutan nydyrking vart stubbrytarar nytta ved anleggsarbeid som veg- og jarnvegbygging. Stubbrytarar var i bruk til gravemaskinane tok over anleggsarbeid og nydyrking.

Sjå òg endre

Kjelder endre