Studentenes Landsforbund
Studentenes Landsforbund (StL) var ein politisk uavhengig interesseorganisasjon som arbeider for dei felles faglege, økonomiske, sosiale, velferdsmessige, demokratiske og kulturelle rettane til studentar. StL hadde 30 medlemsskular og representerte totalt ca 105 000 studentar ved høgare utdanningsinstitusjoner (pr. 2005).
1.juli 2010 slo Studentenes Landsforbund og Norsk Studentunion seg saman til Norsk studentorganisasjon (NSO). Den nye organisasjon har vel 200 000 kollektivt tilslutta studentar ved norske universitet og høgskular.
Historie
endreStL vart stifta i mai 1996 gjennom ein samanslåing av Høgskolestudentenes Landsforbund (HSL), Norsk Elevsamskipnad for Teknisk Studerende (NETS) og Landslaget for Norges Sykepleierstudenter (LNS). Frå 1. juli 1999 blei Landslaget for Norges Lærerstudenter (LNL) og Barnevern,- Sosionom-, og Vernepleierstudentene ein del av StL.
1. juli 2010 slo organisasjonen seg saman med Norsk studentunion til Norsk studentorganisasjon.
Oppbygginga av organisasjonen
endreLandsmøtet var StL sitt øvste organ. Det møttest kvart år i mars/april. Landsmøtet vedtok StL sin politikk, og valde mellom anna styremedlemmane. Mellom Landsmøta var Landsstyret det øvste organet i organisasjonen. I Landsstyret sat representantar frå dei lokale studentdemokratia. Styret (tillitsvalt) og sekretariatet (tilsett), tok seg av den daglege styringa av organisasjonen.
Landsmøtet (LM)
endreDelegatane på Landsmøtet blei valde frå dei lokale studentdemokratia. Kvart demokrati sender to eller fleire delegatar til Landsmøtet (rekna ut etter representasjonsnøkkel i vedtektene). Landsmøtet vedtok eit prinsipprogram kvart tredje år (StL sine prinsipielle meiningar) og årlege arbeidsprogram. Landsmøtet vedtok og reviderte vedtektene og budsjettet til StL, samt avgjorde store og prinsipielle saker. Møtet valde òg nytt styre.
Landsstyret (LS)
endreFor å følgje opp Landsmøtet sine vedtak og intensjonar, sendte alle medlemmane ein eller fleire representantar til Landsstyret. Landsstyret var øvste organ mellom Landsmøta, og møttest fem gongar i året. Landsstyret følgde opp styret sitt arbeid, og gjorde vedtak i viktige og prinsipielle saker som dukka opp i løpet av perioden mellom Landsmøta. Landsstyret innstilde i alle landsmøtesakene.
Styret
endreDei siste åra var styret sett saman av leiar, nestleiar, fag- og forskingspolitisk ansvarleg, velferdspolitisk ansvarleg og internasjonalt ansvarleg. Dei vart valde av Landsmøtet for eitt år av gongen. Verkeperioden var frå juli til juni. Styret stod for den daglege drifta, utøvde StL sin politikk og representerte organisasjonen.
Sekretariatet
endreStL hadde dei siste åra eit sekretariatet på sju heiltidstilsette. Sekretariatet var sett saman av sekretariatsleiar, økonomikonsulent, kontorsekretær, organisasjonskonsulent med ansvar for fag, organisasjonskonsulent med ansvar for generell studentpolitikk, medlemskontakt og informasjonskonsulent. Sekretariatet stod for den daglege drifta av kontoret, og utgjorde ein støttefunksjon for styret sitt arbeid.
StL sine oppgåver
endreStL lokalt
endreEi av hovudoppgåvene til StL var å støtte opp under studentpolitisk arbeid på lokalt plan. Dette gjorde StL mellom anna ved å halde kurs, regionale samlingar og nasjonale konferansar. StL hjalp og til i vanskelege saker på lokalt nivå, og fungerte som støtte for lokale studentdemokrati som hadde problem med høgskulen/universitetet, organisatoriske problem eller andre problem som kunne vere vanskeleg for lokale studentdemokrati å handtere sjølve. StL assisterte dei lokale studentdemokratia også i klagesaksarbeid.
StL nasjonalt
endreSom ein nasjonal studentorganisasjon representerte StL studentane i ei rekke råd, utval og komitear. Nokre av dei viktigaste foraa StL var representert i var: Universitets- og høgskolerådet (UHR), styret i Statens Lånekasse, Forskingsutvalet, nasjonale råd for lærarutdanningane, helse- og sosialfag, teknologiske fag og økonomiske- og administrative fag, styringsgruppa for Samordna Opptak og Utval for høgare utdanning.
StL internasjonalt: European Students' Union (ESU) - Den europeiske studentorganisasjonen
endreStL representerte norske studentar i European Students' Union (ESU), som er paraplyorganisasjonen for dei europeiske studentorganisasjonane. Ei av ESU sine viktigaste oppgåver var då å følgje opp Bologna-avtalen, den etterfølgjande Lisboa-strategien og implementeringa av desse.
Solidaritet
endreStL var representerte i styret til Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). Solidaritetsarbeidet er òg på dagsorden i ESU.
Grunnleggande politiske prinsipp
endreStL sin politikk og aktivitet var basert på fire grunnleggande prinsipp:
Det overordna ansvaret til staten
endreDet må bli sikra at alle kan studere uavhengig av økonomisk bakgrunn. Staten må ha det overordna ansvaret for å finansiere høgare utdanning og sikre høg kvalitet på utdanning og forsking ved dei ulike institusjonane.
Høg kvalitet på utdanning
endreUtdanningane ved norske utdanningsinstitusjonar skal holde høg standard og tilfredsstille internasjonale krav. Undervisninga skal vere relevant og utdanningane basert på det fremste innan forsking og utviklingsarbeid.
Lik rett til utdanning
endreForskjellar i sosial og kulturell bakgrunn, økonomiske eller geografiske forhald, kjønn, alder, legning eller funksjonsgrad skal ikkje vere eit hinder for å ta og delta i utdanning.
Studentar sin deltaking og ansvar
endreStudenten skal vere ein likestilt partnar i det høgare utdanningssystemet, og skal bli oppfordra til deltaking, aktiv refleksjon og studentmedverknad. Studentane har rett og plikt til å delta aktivt i lokale prosesser som påverkar utdanninga.
Leiarar i Studentenes Landsforbund
endre- Ina Tandberg 2009 - 2010
- Øistein Ø. Svelle 2008 - 2009
- Olav Øye 2007 - 2008
- Katrine Elida Aaland 2006 - 2007
- Øyvind Reidar Bakke 2005 - 2006
- Njål Bele 2004 - 2005
- Anne Marte Klubbenes 2003 - 2004
- Johannes Fjose Berg 2002 - 2003
- Karianne Jonson 2001 - 2002
- Audun Fledsberg 2000 - 2001
- Olve Klevmo Møller 1998 - 2000
- Cecilie P. Øyen 1997 - 1998
- Jørn Eilertsen 1996 - 1997