Studioscene, svart boks eller (engelsk) black box, er nemningar på ein type teaterscene utforma som eit rom med svarte veggar og tak og utan faste innretningar, slik at teateret fritt kan operere med kva scenografi som helst, gjerne av det minimalistiske slaget. Når scena er svart, er det til dømes lettare for skodespelarane å visualisere for publikum ting og tilhøve som ikkje er til stades på scena som konkrete rekvisittar eller kulissar, eller til stades berre som enkle symbol. Ei slik svart boks-scene kan sjølvsagt òg utstyrast med rekvisittar og kulissar i større omfang.

Døme på ei studioscene

Teaterlokale som er bygde for å kunne leigast ut eller for å nyttast til gjestespel av frie teatergrupper, har gjerne ei scene utforma som ein «svart boks».