Sture Arntzen

norsk politikar

Sture Arntzen (fødd 24. november 1948) er ein norsk fagforeiningsmann og leiar av fagforbundet Handel og Kontor i Noreg (HK), noko han har vore sidan 1994.

Sture Arntzen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. november 1948 (75 år)
Yrke politikar, fagforeiningsleiar
Politisk parti Arbeidarpartiet

Han organiserte seg fyrste gong i Norsk Sjømannsforbund i 1965 og fekk dermed det fyrste tillitsvervet sitt om bord 17 år gammal. 1. september 1969 vart LO-medlemskapen til den noverande HK-leiaren overført til HK då han tok seg jobb i eit varehandelsfirma i Trondheim. Etter 3 år i denne verksemda gjekk han over til det som i HK-samanheng gjerne vert kalla «industrien». Det vil seie at han jobba med sal i det som seinare vart Nora-konsernet. Arntzen var også medlem av Trondheim bystyre og formannskap for Arbeidarpartiet i perioden 1971–1975.

I mai 1975 hadde Sture Arntzen den fyrste arbeidsdagen sin i Handel og Kontor i Noreg, då som organisasjonssekretær. Opp gjennom åra har han hatt ei rekkje ulike arbeidsoppgåver i fagforbundet, mellom anna arbeidde han med forhandlingar frå 1980 til 1987 og var leiar i organisasjonsavdelinga i perioden 1987–1988. Landsmøtevald vart Sture Arntzen då han vart nestleiar i HK i 1988. I 1992 vart han vald til fyrste nestleiar, men også forbundsleiar, med verknad frå 1. juli 1994. Arntzen overtok dermed som forbundsleiar etter Sidsel Bauck. Arntzen har vorte attvald på HK-landsmøta i 1996, 2000, 2004 og 2008. Handel og Kontor i Noreg hadde sist gong landsmøte 6.–11. september 2008, og der vart Arntzen attvald til fire nye år, fram til 2012.

Arntzen har også fleire verv i tilknyting til LO. Han har vore medlem av LO-sekretariatet sidan 1994 og er også medlem av det inntektspolitiske utvalet i LO og i samarbeidskomiteen mellom LO og Arbeidarpartiet.

Sture Arntzen støtta Gerd Liv Valla i konflikten mellom henne og Ingunn Yssen i 2007. Forbundet har i stadig sterkare grad markert seg på venstresida i den norske fagrørsla under Arntzen si leiing. Sture Arntzen vert i dag rekna som ein av LO-toppane i Noreg med stor innflytnad på arbeidslivet og fagrørsla. Han vart mellom anna vald inn som representant for fagrørsla i Arbeiderpartiet sin valkomite under konflikten mellom Yssen/Valla, eit verv som vanlegvis fell på leiaren av LO. Arntzen leidde også valkomiteen under LO-kongressen i 2009.

Kjelder endre