Sturminster Newton

Sturminster Newton (lokalt kjent som Stur) er ein by i Dorset i England. Han ligg i Blackmore Vale, dalen elva Stour renn gjennom. Byen er særleg kjend som heimbyen til diktaren William Barnes, og dessutan at Thomas Hardy budde der delar av livet sitt.

Sturminster Newton

Vassmølla
Vassmølla
Vassmølla
Plassering
Sturminster Newton is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Dorset
Distrikt North Dorset
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

3 105
Koordinatar 50°55′N 2°18′W / 50.917°N 2.300°W / 50.917; -2.300
Diverse annan informasjon
Postnummer DT10
Telefon-retningsnummer 0 1258
Commons har multimedium som gjeld: Sturminster Newton

Sturminster hadde den største marknaden for stor- og småfe i Storbritannia, noko Thomas Hardy lét seg inspirere av. Marknaden låg nær sentrum, og vart stengd og riven så seint som 1998.

Skilt med åtvaringar til vandalar på brua over Stour

Staden er ein historisk vadestad. Det eldgamle naturlege vadestaden vart på 1600-talet erstatta av ei steinbru med seks bogar. Sør for elva ligg området Newton, som over tid voks saman med det opphavlege Sturminster. Sturminster Newton mølle, som òg ligg på sørsida av elva, vart i 1980 restaurert og innreidd som museum.

Sturminster Newton slott, no i ruinar, ligg på ei høgd over brua. Det var eigenleg meir ein herregard enn eit befesta slott. Bygningen vart reist på 1300-talet, moglegvis over restane av eit fort frå jernalderen.

Bygningane i sentrum er ei blanding av ulike stilar og periodar. Ein finn blant anna gamle småhus med stråtak, georgianske steinbygningar og teglsteinsbygningar frå 1800-talet. Ved den gamle marknadsplassen, der det enno blir halde ein vanleg marknad kvar måndag sjølv om det ikkje lenger handlast med levande dyr, ligg soknekyrkja. Den noverande kyrkja vart reist av abbeden av Glastonbury i 1486, men vart kraftig ombygd på 1800-talet.

Somerset and Dorset Railway gjekk gjennom byen inntil 1966, då skjenegangen vart fjerna.

Kjelder endre