Styrk Fjose

norsk treskjerar

Styrk Åmundsson Fjose (8. januar 18731937) var ein norsk gardbrukar og treskjerar frå Voss.

Styrk Fjose
Fødd 8. januar 1873
Død

1937 (64 år)

Yrke treskjerar

Han budde på ættegarden Fjose og var med i heradsstyret i mange år, elles styremedlem i Voss Veksel- og landmandsbank og A/S Voss Skiferbrud.

Fjose hadde rik kunstnargivnad og arbeidde mykje med treskurd og og biletskjering. Alt frå barneåra «tok han til å spikka dyr og fuglar». Seinare laga han figurar, portrett og medaljongar, med motiv frå folkelivet, litteraturen og kristendomen og landskjende men som til dømes Henrik Wergeland, Ivar Aasen, Christian Michelsen og Lars Eskeland.

Både hus og innbu på Fjose var prega av skurd og utskjeringar. Mykje strauk med då alle sju husa på garden brann ned 2. april 1925. Då han bygde nye hus forma han mellom anna utskjeringar på stovehuset som symboliserer dei viktigaste næringane på garden.

Kjelder endre