Su i båt
Langsgåande skøyt mellom to båtbord i klinkbygd båt
Ei su, eller sud, er den langsgåande skøyten mellom to bord i ein klinkerbygd båt. Når eit nytt bord vert sett på under båtbygginga vert både det faste bordet og det nye tilforma så dei skal passe godt saman. Vinkelen, legget, mellom dei to borda har mykje å seie for skapet til den ferdige båten. I skøyten vert det lagd tjøredrev (si). Borda vert klinka saman med båtsaum.
Når to bord vert skøytte i lengda heiter skøyten skjerving.
Kjelde
endreJakob D. Bjørkedal (1987). Båtbygging på Bjørkedalen, Ord og uttrykk. Volda: Høgskulen i Volda. ISBN 82-90155-66-2.