Substantivbøying i grenlandsmålet

Substantivbøyinga i grenlandsmålet liknar sterkt på substantivbøyinga i nynorsk. Substantiva blir bøygde etter fleire ulike mønster, og genuset avgjer kva mønster som er vanlegast.

Hankjønn

endre

Substantiv i genuset hankjønn blir bøygde etter tre hovudmønster, M1, M2 og M3; M1 er det mest produktive:

  • M1:
    • ¹boːt – ¹boːten – ²boːtær – ²boːtane 'båt'
    • ²moːte – ²moːten – ²moːtær – ²moːtane 'måte'
    • ²læːrær – ²læːræɳ – ²læːrerær – ²læːrerane 'lærar'
    • ¹vinter – ¹vinteɳ – ¹vintrær – ¹vintrane 'vinter'
  • M2:
    • ¹jest – ¹jesten – ¹jester – ²jestene 'gjest'
    • ²kʉnde – ²kʉnden – ²kʉnder – ²kʉndene 'kunde'.
  • M3:
    • ¹fuːt – ¹fuːten – ¹føtær – ¹føtane 'fot'
    • ²bune – ²bunen – ¹bønær – ¹bønane 'bonde'

Hokjønn

endre

Substantiv i genuset hankjønn blir bøygde etter tre hovudmønster, F1, F2 og F3; F1 er det mest produktive:

  • F1:
    • ¹skoːɽ – ¹skoːɽa – ²skoːɽer – ²skoːɽene 'skål'
    • ²jente – ²jenta – ²jenter – ²jentene 'jente'
  • F2:
    • ¹ræim – ¹ræima – ²ræimær – ²ræimane 'reim'
    • ²çæriŋ – ²çæriŋa – ²çæriŋær – ²çæriŋane 'kjerring'
  • F3:
    • ¹tan – ¹tana – ¹tenær – ¹tenane 'tann'
    • ¹gɽuː – ¹gɽuːa – ¹gɽøːær – ¹gɽøːane 'glo'

Inkjekjønn

endre

Substantiv i genuset hankjønn blir bøygde etter to hovudmønster, N1, N2; N1 er det mest produktive ved sterke substantiv og N2 det einaste mønsteret ved linne substantiv:

  • N1:
    • ¹fjel – ¹fjele – ¹fjel – ¹fjela 'fjell'
  • N2:
    • ¹hʉːs – ¹hʉːse – ²hʉːser – ²hʉːsene 'hus'
    • ²epɽe – ²epɽe – ²epɽer – ²epɽene 'eple'

I eldre grenlandsmål hadde ein inkjekjønnsord med vokalveksling (Dalene 1953):

  • N1x:
    • ¹boːn – ¹boːne – ¹buːn – ¹buːna 'barn'

Bibliografi

endre
  • Dalene, Halvor 1953. Lydverket i solumsmålet. (Skrifter frå Norsk Maalførearkiv ved Sigurd Kolsrud.) Oslo.