«Such a Night» er ein popsong frå 1953 skriven av Lincoln Chase og først spelt inn av The Drifters.

Originalversjonen til The Drifters, med Clyde McPhatter, vart spelt inn i november 1953 og gjeven ut i januar 1954. Trass i at han vart bannlyst av somme radiostasjonar fordi han var for «svart», nådde han andreplassen på den amerikanske R&B-lista i 1954.[1]

Songen vart ein hitsingel for Johnnie Ray, og denne gjekk til topps på UK Singles Chart i 1954.[2] Ray-versjonen gjekk in på den amerikanske Cash Box-lista 27. mars 1954, og nådde 18. plassen to veker seinare den 10. april.

Elvis Presley spelte òg inn songen og gav han ut i 1960 på albumet Elvis Is Back. Presley-versjonen nådde 13. plassen på singellista i Storbritannia og 16. plassen i USA, då han kom ut på singel i 1964.[2]

The Four Lovers gav ut sin versjon i 1956. Dette bandet vart seinare kjend som The Four Seasons.

Andre versjonarEndra

Ein tysk versjon vart omsett av Hans Bradtke og kalla «Tut mir leid» og spelt inn av Johnny Reimar i 1964. Bamse omsette og spelte inn songen som «Sikken' nat» i 1976. Ein nederlandsk versjon kalla «Wat 'n nacht» vart omsett av John Spencer og Rob Peters og framført av John Spencer i 1985.

KjelderEndra

  1. «The Drifters - Inductees - The Vocal Group Hall of Fame Foundation». Vocalgroup.org. Henta 5. oktober 2016. 
  2. 2,0 2,1 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 13. ISBN 0-85112-250-7.