Suezkrisa
(Omdirigert frå Suez-krisa)
Suezkrisa var ein krig som utspelte seg i 1956 mellom Israel, Frankrike og Storbritannia på eine sida, og Egypt på den andre. Krisa braut ut då Egypt nasjonaliserte Suezkanalen og blokkerte Triansundet og Akababukta for Israel. Egypt vart invadert og Frankrike og Storbritannia tok kontroll over Suezkanalen, medan Israel okkuperte Sinaihalvøya. Etter sterkt press frå USA og Sovjetunionen måtte dei tre landa trekkje seg attende.