Suezkanalen er ein 171 km lang kanal i Egypt mellom Middelhavet og Raudehavet. Byen Suez ligg ved munningen i Raudehavet, og byen Port Said ved munningen i Middelhavet. Bygginga av kanalen vart leia av Ferdinand de Lesseps i tida mellom 1859 og 1869. Bygginga vart gjennomført av eit fransk selskap. Etter at kanalen vart opna, eigde Frankrike og Egypt kanalselskapet som stod for dagleg drift. I 1875 kjøpte Storbritannia 45 % av kanalselskapet og inngjekk ei avtale med Egypt om at selskapet skulle overførast til Egypt i 1968. I 1956 nasjonaliserte den egyptiske presidenten Gamal Abdel Nasser kanalen, noko som førte til Suezkrisa.

Suezkanalen
kanal
Land  Egypt
Kart
Suezkanalen
30°42′18″N 32°20′39″E / 30.705°N 32.344166666667°E / 30.705; 32.344166666667
Suezkanalen avmerkt på kart
Suezkanalen avmerkt på kart
Suezkanalen avmerkt på kart
Wikimedia Commons: Suez Canal

På grunn av det flate terrenget har kanalen ingen sluser slik at det salte havvatnet strøymer fritt gjennom kanalen. Tidvatn og ein liten skilnad i høgd mellom Middelhavet og Raudehavet skaper litt straum i kanalen.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Suezkanalen
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.