Sukat (gjennom italiensk frå latin sucus, 'saft') er ei matvare laga av dei kandiserte skala til ulike typar sitrusfrukt, særleg sukatsitron. Skala blir skorne i bitar og sylta ved å koka i sukkerlake og så tørka eller lagt på glas.

Skål med tørka sukat
Sukat av sukatsitron.

Sukat kan brukast som ingrediens i bakverk, dessertar og konfekt. I norsk samanheng er det særleg knytt til julekake.

KjelderEndra

  • «Sukat» (15. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 15. juli 2015.